Det var ikke Arne sin tur

0
281

 

Sjølv om vêrgudane var vrange, hadde kapteinen frå Askøy mange gode krefter på laget sitt.  Ikkje minst var innsatsen til Stine Brattetveit avgjerande. Nyleg møttest dei til eit hyggeleg gjensyn i Kvinnherad.

– Eg hadde heilt klart flaksen på mi side. Hadde det ikkje vore ein hjartestartar i området, ville det høgst truleg enda med ”game over” i fjæresteinane rett bak oss. Det siste eg hugsar er at vi lossa i Odda på morgonkvisten, og skulle vidare til Dimmelsvik for å lasta singel, fortel Arne Lund frå Follese. Han har teke ferja frå Gjermundshamn til Årsnes denne morgonen, og det er god stemning som pregar møtet med far og dotter Brattetveit.

Men la oss bla kalenderen attende til 21. desember 2015. 

Stine er nett komen frå kveldsvakt på Rosendalstunet, og har plassert seg i sofaen i den julepynta stova. Ute hyler vinden, og regnet slår mot ruta. Slik det ofte plar gjera her vest, når den store høgtida nærmar seg.

Kamp på kaien

Der og då er sjukepleiaren framleis uvitande om kva for eit drama som utspelar seg berre nokre kilometer unna. Ein spesialbåt for frakt av singel og sand, stabbar seg mot kaien på Årsnes. Arne Lund har store smerter i brystet, men står framleis på brua saman med styrmannen. Like før båten kjem til land, segnar han om.

AMK har allereie kontakt med båten, og ambulansen er på veg frå Husnes for å hjelpa. Dei veit at dette kjem til å stå om sekund, og kallar opp Sigurd Brattetveit på mobil. Ikkje veit dei at han ligg omtrent i koma i ei sjukehusseng i Haugesund, blodforgifta. Men for første gong på lang tid tek han telefonen, og får spørsmål om han kan ta seg til Årsnes med ein hjartestartar. Mannen som etablerte og framleis driv Hjertevakten, slår omgåande nummeret til dottera si.

 

Frå sjukesenga

– Eg vart veldig overraska då eg såg at det var pappa som ringde, og var budd på at det kunne bli ein noko usamanhengande delirium-prat. I staden var det berre ei kort og konsis melding: ”Er du heime? Kan du gå bort til mamma og henta ein hjartestartar, og køyra rett til Årsnes. Der treng dei hjelp om bord i ein båt.”

Før samtalen var avslutta hadde Stine reist seg og var på veg ut døra.

Kort tid etter kjem ho i stor fart ned på ferjekaien, hastar ut av bilen og går mot den store båten som har lagt seg på innsida av ferjelemmen. Like etterpå høyrer ho ei røyst som ropar at det er her dei treng hjelp. Ein sterk kar tek tak kring både ho og hjartestartaren, og løftar Stine om bord.

Annonse: Heartstart verdens mest solgte hjertestarter

To elektrosjokk

– Der ser eg at dei to andre held på med hjertekompresjonar, samstundes som dei har AMK på høgtalar. Eg riv opp skjorta til kapteinen og festar startaren. Heldigvis er det ventrikkelflimmer, og etter eit halvt minutt og ein kjapp analyse, kjem det første sjokket. Mannskapet held fram med nye tre minutt med kompresjonar, før elektrosjokk nummer to. Omtrent samstundes dukkar ambulanse og lege opp, og koplar til alt dei har av utstyr. Dei ser at hjarte til kapteinen slår att.

Mange i sving

Med i ambulansen var lege Anne Britt Nygård. Snart eitt år etterpå hugsar ho denne desemberkvelden og –natta som det skulle ha vore i går.

– Veret var for dårleg til at Luftambulansen kunne letta. Vi tok difor kontakt med redningssentralen i Stavanger, og dei ville prøve å senda eit Sea King-helikopter. Men det vil ta litt tid, så vi fekk ferjeskyss over fjorden og køyrde i retning Bergen og Haukeland med pasienten. Luftambulansen har også bilar, og ein av dei kom oss i møte. På Mundheim møttest alle tre, og pasienten vart til slutt frakta til sjukehuset med helikopteret. Det er fantastisk når ein lukkast slik som denne gongen, og det berre går godt i ettertid. Det viser også kor viktig det er med god lokal beredskap, og at det finst hjartestartarar over heile kommunen, seier Nygård.

Blotrykksmåler

Kjapt i arbeid

Berre ei veke etter at han kom til Haukeland, vart Lund utskriven og sendt over brua til Askøy. Og før mai var unnagjort var 53-åringen attende i jobb hos Mostraum Management i Lindås.

– Eg er vel i så god form som eg mest kan vera. Det verste etterpå var at fleire av ribbeina mine vart brotne under kompresjonane. Det har eg seinare skjønt at er alt anna enn uvanleg. I tillegg klarte eg å ta eit par sjølv også, då eg skulle leika med ein hund eg passa for sonen min, smiler Lund.

Han har jobba med skipsfart sidan 1982. Og har lang fartstid både frå Wilhelmsen og Grieg Logistics. For førstnemnde i fart mellom dei store hamnene i Europa, USA, Asia og Australia, medan han arbeidde på land for Grieg i perioden 1998 til 2008.

Visste lite

– Eg svært takksam for alle som ytte stor innsats for å redda meg denne desemberkvelden. Det varmar, seier Lund.

Stine er også veldig glad for at ho fekk

sjansen til å møta han att.

– Vanlegvis har vi rykka ut med hjartestartar til folk som bur i nærområdet vårt. Ofte har vi kome for seint. Andre gonger i tide til å få gjort ein livsviktig innsats. Felles for desse er at då veit vi stort sett kven dei er. Denne gongen var det annleis. Difor var det ekstra kjekt å få treffa Arne og sjå kor bra han hadde det i dag, seier Stine Brattetveit. Les artikkelen i Hjertevakten magasin

Les også: