Annonse
Home Nyheter Alle bryt lova i behandling av sepsis

Alle bryt lova i behandling av sepsis

0
2061

Pasientar med alvorleg blodforgifting blir undersøkt av lege for seint. Helsetilsynet fann brot ved 24 akuttmottak over heile landet. – Svært alvorleg.

– Dette er svært alvorleg, for det dreier seg om ein alvorleg infeksjonssjukdom som i verste fall kan medføra død dersom behandlinga ikkje blir igangsett til riktig tid, seier avdelingsdirektør i Helsetilsynet, Ragnar Hermstad.

For første gong er det blitt gjort tilsyn på gjenkjenning, observasjon og behandling av alvorleg blodforgifting ved sjukehusa i Noreg.

Fylkesmennene gjennomførte tilsyn ved 24 akuttmottak. Helsetilsynet har vore innom alle helseføretaka i landet, og nyleg var alle rapportane klare:

– Praktisk talt alle akuttmottak hadde svikt med tanke på å tidsnok få undersøkt pasienten idet han kjem til akuttmottaket.

I tillegg tar det for lang tid før behandling blir sett i gang. 

Annonse: Shocklink

Tiltak

Pasientar som kjem inn med teikn på alvorleg infeksjonssjukdom skal ifølge nasjonale retningslinjer få anitibiotikabehandling innan maks ein time.

– Alle akuttmottaka hadde svikt på dette området. Pasientar med teikn på alvorleg infeksjonssjukdom fekk ikkje antibiotikabehandling tidsnok.

Rapporten for helseføretaket i ditt fylke kan du finna på Helsetilsynet sine nettsider

No må sjukehusa gjera tiltak.

– Dette gjeld både at sjukehusa tar imot pasientane på ein skikkeleg måte, at pasientane blir undersøkte i tilstrekkeleg grad av sjukepleiar og lege, og at behandlinga med antibiotika blir sett i gang når det er trong for det.

Fylkesmennene skal gjera oppfølgingstilsyn åtte og 14 månader etter første tilsyn.

– Me har tillit til at helseforetaka vil ta fatt i dette og gjera noko umiddelbart, slik at ein unngår liknande tilfelle framover, opplyser helsedirektoratet. 

Annonse: Heartstart

 

Noen utvalgte varer