5.8 C
Rosendal
fredag, april 19, 2024

Buy now

spot_img
spot_img
Home Nyheter Norske forskarar mot stort gjennombrot for behandling av hjernekreft

Norske forskarar mot stort gjennombrot for behandling av hjernekreft

0
4140

Ved å sprøyte virus inn i hjernesvulstar kan levetida til pasientar bli forlenga med opp til seks år.

– Resultata er faktisk blant dei mest lovande eg har sett i heile mi karriere som forskar, seier professor og hjernekreftforskar Rolf Bjerkvig.

Medan det har vore store framsteg i behandling av andre typar kreft, har framgangen i forskinga på uhelbredeleg hjernekreft vore liten.

Det kan forskarar ved Universitetet i Bergen ha endra på.

Hjernar frå rottefoster

I fleire år har ein drive forsking og prøving på hjernar som er henta ut frå rottefoster, såkalla mikrohjernar. No har ein testa ut den nye metoden på menneske.

Behandlinga går ut på å injisera ein modifisert variant av polioviruset direkte inn i hjernesvulsten hjå sjuke pasientar.
Annonse: Ønsker du å følge med på blodtrykket ditt

Viruset tar knekken på kreftceller og aktiviserer deretter immunforsvaret slik at det drep kreftcellene på eiga hand.

Forsøket er gjort på 60 testpersonar ved Duke University i USA. For fleire av pasientane var endringa oppsiktsvekkande.

– For ein god del av pasientane har behandlinga ført til ei overleving på over seks år. Med dagens behandling kan ein venta å leva i 15–16 månader med hjernekreft. Ei slik langtidsoverleving er heilt nytt i verda i dag, seier Bjerkvig.

Mikrohjerner som er utsatt for ulike kreftceller
KREFTCELLER: Dei ulike fargane representerer ulike typar kreftceller som har trengt inn i hjernevevet i små mikrohjernar. Forskarane forsøker å finna ut kva kreftcelletypar som angrip og fører til spreiing.
FOTO: BENTE KRISTIN RUNDEREIM KJØLLESDAL / NRK

Celler frå kreftpasientar

Bjerkvig leiar forskingssenteret på hjernekreft ved Universitetet i Bergen, eit forskingsmiljø som er høgt akta internasjonalt.

– Me utset desse for kreftceller tekne direkte frå kreftpasientar. På den måten kan me studera korleis kreftcellene invaderer det normale hjernevevet. Når vi gjer dette rutinemessig kan me studera korleis nye behandlingsformer verkar.

Professor Rolf Bjerkvig
PROFESSOR: Professor Rolf Bjerkvig leiar forskingssenteret på hjernekreft i Bergen.
FOTO: BENTE KRISTIN RUNDEREIM KJØLLESDAL / NRK

180 leiande hjernekreftforskarar frå heile verda er denne veka samla på Os utanfor Bergen.

Her blir mellom anna Bjerkvig og kollegaene sine førebelse resultat frå forskingsprosjektet lagt fram. Forskarar i Bergen og ved Duke university har arbeidd med prosjektet i seks-sju år. 
Annonse: Maritim redningsbåre

Samtidig vil det verdsleiande tidsskriftet New England Journal of Medicine publisera resultatet.

Glade for nyvinning

I 2016 fekk 840 menneske i Noreg kreft i hjerne- og sentralnervesystemet, viser tal frå Kreftregisteret. Rundt 300 av desse fekk påvist gliablastom, den mest aggressive forma for hjernesvulst.

– Det er ein veldig alvorleg diagnose å få. Difor er det viktig med forsking innanfor såpass alvorlege sjukdomar, seier Ole Alexander Opdalshei, assisterande generalsekretær i Kreftforeningen. 
Annonse: Se utvalget vårt

Kreftforeningen gler seg over at forskinga gjer framsteg, spesielt innanfor område ein tidlegare har slite med å finna nye behandlingsformer.

– Det å leva med ein så alvorleg sjukdom, er sjølvsagt svært kritisk. Det å vita at levetida kan bli forlenga, er noko som kan gi håp.

Mikrohjerner som blir utsatt for kreftceller fra kreftpasienter
MIKROHJERNAR: I dette skapet ligg tusenvis av mikrohjernar i lag med kreftceller som er tekne frå kreftpasientar. Denne forskinga er utgangspunktet for det ein håpar skal bli ein ny kreftmedisin.
FOTO: BENTE KRISTIN RUNDEREIM KJØLLESDAL / NRK

Haste-prioritet i USA

Det tar mange år å utvikla nye kreftmedisinar. I neste fase skal mellom 600 og 1000 få prøve behandlinga. Først etter at data frå denne fasen er klare, kan behandlinga bli tilgjengeleg for verda.

Bjerkvig trur metoden kan vera tilgjengeleg for alle pasientar om berre eit par år.

– Ein kan sjå for seg at dette truleg vil erstatta noverande behandlingsformer. Men då må ein visa at dette verkar når ein har behandla mellom 600 og 1000 pasientar, om to til tre år. Les artikkelen i NRK