8.2 C
Rosendal
tirsdag, april 23, 2024

Buy now

spot_img
spot_img

Kan forkjøling gi immunitet mot Covid-19 ?

Antistoff frå ei vanleg forkjøling, som kjem frå eit anna koronavirus, kan bidra til å gjere oss meir motstandsdyktige mot det nye koronaviruset. Det trur norske forskarar etter å ha testa fleire tusen personar.

Då koronapandemien braut laus i Noreg, blei det også sett i gang ei storstilt testing av antistoff i folket. Til no er over 3000 personar testa i Oslo-området.

Lite antistoff

Av alle dei som er testa i befolkninga, er det berre om lag ein prosent som har slike stoff i blodet.

Det overraskar forskarane, seier lege og forskar ved Oslo universitetssjukehus, Fridtjof Lund-Johansen:

Skap til hjertestarter, for bruk både inne og utendørs

– Det kan tyde på at dei fleste som får dette viruset blir sjuke, men at smittespreiinga ikkje er så stor som vi trudde i mars.

For å kunne samanlikne, har forskarar også begynt å sjekke antistoff mot vanleg forkjøling, som er eit anna type koronavirus. Og her er funna motsett. Nesten alle har antistoff mot forkjøling. Og det er spennande, seier Lund-Johansen.

– Det vi veit er at dette er eit koronavirus, og det er også koronavirus som gir vanleg forkjøling. Og det kan vere at dei som har hatt forkjøling, har ein viss immunitet mot det nye viruset.

Hjertestarteren som tåler det meste

Internasjonale funn

Også i utlandet blir det forska på antistoff og immunitet mot det nye viruset. Fleire forskarar den siste tida gjort funn som kan likne på dei vi ser frå norske forskarar.

Forskarar meiner blant anna at grunnen til at så få barn blir alvorleg sjuke av viruset, er at dei er oftare forkjølt enn vaksne, og det gjer at dei har utvikla ein form for motstand mot viruset, skriv The Telegraph.

Også i Singapore har forskarar funne ein samanheng mellom vanlege forkjølingar og andre sjukdommar som skuldast koronavirus. Dei hevdar immuniteten frå eit forkjølingsvirus kan vare opp mot 17 år.

Lund-Johansen har også lagt merke til at det er gjort funn internasjonalt som kan støtte opp om den norske teorien, men han understrekar at dei ikkje er ferdige med å forske enno.

Kurshefter og fag bøker

– Det er stadig meir som tyder på at det er meir immunitet mot dette viruset enn det vi trudde i byrjinga av mars. Alternativet er at tiltaka ein har sett i gang er veldig effektive. Svaret ligg kanskje ein stad midt i mellom, seier han.

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

-annonse-spot_img