Drone skal hjelpe sjukehusa.

Selskapet Airlift Solutions har fått støtte frå Innovasjon Norge og leier droneprosjektet. Airlift Solutions skal utvikle løysinga saman med helseføretaka i Helse Vest.

0
212

På Vestlandet blir det frakta over 1,6 millionar blod- og vevsprøver til og frå sjukehus kvart år, i tillegg til ei stor mengd legemiddel, utstyr og materiale. Eit innovasjonsprosjekt skal prøve ut dronar som ei betre og framtidsretta løysing på denne logistikken.

Løysing klar i 2022

– Vi har gått saman med norske underleverandørar, og første skisse til ein ny drone for bruk i sjukehusa er klar. Den nye dronen er tilpassa krava til tryggleik for luftfart og behova til helsetenestene, seier prosjektleiar Lise Løvereide. 

Trenings hjertestarter

– Løysinga skal vere klar i 2022 og neste skritt er å gjere testflygingar på kunderuter. Då skal vi mellom anna frakte blodprøver, vevsprøver og legemiddel.

Dei medisinske fagmiljøa, laboratoria og sjukehusa har vore aktive pådrivarar i utviklinga av eit meir påliteleg logistikktilbod.

Hans Tore Frydnes, klinikksjef for Klinikk for medisinsk teknologi i Helse Stavanger og leiar for styringsgruppa for dette prosjektet, og Anne Kristin Kleiven, utviklingsdirektør i Helse Førde, ser at dronar kan ha stor nytte for helsetenestene.

– Sjølv om det er fleire prosjekt på området, har dronar i mindre grad vore nytta i helsetenestene i Noreg. Feire faktorar tilseier at denne typen transport vil kunne bidra til å forbetre logistikk- og kvalitetsutfordringane vi ser i dag. Dronar kan gje effektiv og påliteleg levering, vere betre sporbar og mindre sårbar for ytre faktorar. Utprøvinga i dette innovasjonsprosjektet vil gi oss svar på dette, seier dei.

Oksygenmåler

Droneprosjektet

Prosjektet Droner for effektivisering av Helse-Norge er støtta av Innovasjon Norge, og samarbeidet mellom helseføretaka i Helse Vest og Airlift Solutions er formalisert gjennom ein innovasjonskontrakt. 

Deltakarar i prosjektet per oktober 2020 er Helse Førde HF, Helse Stavanger HF, Helse Fonna HF, Helse Bergen HF, Sjukehusapoteka Vest HF og Airlift Solutions AS. Prosjektet starta i samarbeid med Helse Førde i 2018 og Helse Førde er prosjektkoordinator for helseføretaka, som er pilotkundar.

Det er etablert tverrfaglege prosjektgrupper og intensjonen er at prosjektet skal involvere deltakarar frå helseføretak i heile Noreg etter kvart.

Noen utvalgte varer