Kvinner bør følge med på blodtrykket i vaksen alder

Sjølv eit lett forhøga blodtrykk i 40-åra doblar risikoen for hjarteinfarkt hos kvinner. Ein sjekk kvart femte år frå ein blir vaksen kan hjelpe.

0
1183

Eit ferskt forskingsprosjekt frå Bergen har gjort nye funn om kvinner sitt blodtrykk.

Vi såg ikkje den same risikoen hos menn, seier forskar og lege Ester Kringeland som står bak studien.

Tidlegare studiar har tydar nemleg på at høgt blodtrykk er ein sterkare risikofaktor for kvinner enn det er for menn.

Forskarane har sett nærare på om lett forhøga blodtrykk tidleg i 40-åra, kan medføre risiko for hjarteinfarkt seinare i livet. Funna viser kvifor kvinner bør følge med på blodtrykket allereie frå ung alder. 

Det som er nytt med denne studien, er at vi ser at risikoen for hjarteinfarkt aukar ved eit lågare blodtrykk hos kvinner enn hos menn. Og det skjer allereie før blodtrykket kan reknast som høgt etter dagens retningslinjer.

Blodtrykk og meir om forskinga

  • Studien er gjort av forskarar ved senter for forskning på hjertesykdom hos kvinner Universitetet i Bergen og legar ved hjerteavdelingen på Haukeland sjukehus.
  • Studien har blitt publisert i European Journal of Preventive Cardiology.
  • Forskinga har sett nærmare på samanhengen mellom lett auka blodtrykk og risiko for hjarteinfarkt hos kvinner og menn.
  • Blodtrykket er trykket blodet øver mot veggane i blodkara når blodet strøymer igjennom.
  • Etter at blodtrykket er målt, blir det ført opp med to tal skild av ein skråstrek. Det fyrste talet er overtrykket, det andre talet er undertrykket.
  • Overtrykket er trykket i arteriane når hjartet trekk seg saman og skyv ut blod, og blir kalla det systoliske trykket. Undertrykket er trykket i arteriane mellom hjarteslaga, altså når hjartet kvilar. Dette trykket kallar vi det diastoliske trykket.
  • Lett forhøga blodtrykk er i denne sammenhengen definert som blodtrykk 130-139/80-89 mmHg. I Noreg blir dette rekna som «høgt normalt blodtrykk».
  • Høgt blodtrykk over tid kan skade blodårene og auke risiko for hjarte- og karsjukdom.

Sjekk kvart femte år frå 18

Hovudbodskapet er at kvinner må kjenne blodtrykket sitt. Så gå til legen og mål det, sjølv om du føler deg frisk, seier Kringeland.

Er du over 18 år, bør du måle blodtrykket regelmessig, og minst kvart femte år. 

Om du har andre risikofaktorar bør det målast kvart andre år eller oftare.

Risikofaktorar kan vere å ha foreldre med høgt blodtrykk, å ha fedme, diabetes, autoimmune sjukdomar og svangerskapskomplikasjonar som til dømes svangerskapsforgifting.

Seks tips for livsstil

Risiko for hjartesjukdom aukar med høgare blodtrykk, og årsaka til at det forskjell i risiko for kvinner og menn er sannsynlegvis fordi det er biologiske forskjellar mellom kjønna.

Ho konkluderer med at ein sunn livsstil er viktig for å førebygge høgt blodtrykk.

Det er anbefalt å halde ei normal kroppsvekt, ha eit sunt kosthald og trene regelmessig. Ein bør også unngå å røyke, drikke for mykje alkohol og ete for mykje salt.

Studien henta data frå Helseundersøkinga i Hordaland, der blodtrykket til 6381 kvinner og 5948 menn på 41 år vart målt.

Hjarteinfarkt vart så notert i ein oppfølgingsperiode på 16 år.

Av kvinnene hadde 25 prosent lett forhøga blodtrykk mot 35 prosent av mennene.

Av alle kvinnene i studien fekk 1,4 prosent akutt hjartesjukdom i oppfølgingsperioden. Av mennene var det 5,4 prosent som fekk det.