Tekst: Vidar Alfarnes, Foto gjengitt med løyve fra spiller
VANLEGVIS ER DET SEINE REDUSERINGAR, HÅPLAUSE DOMMARAVGJERDER OG NERVEPIRRANDE SLUTTMINUTT SOM SKAPAR DRAMA PÅ FOSSHAUGANE CAMPUS.
1. NOVEMBER HANDLA DET OM LIV OG DØD. MEN HJELPA VAR HELDIGVIS NÆR.
Heimekampen mot Stjørdal- Blink er berre tolv minutt gamal. Eitt ampen mot Stjordals-Blink opprykkskjempande Sogndal har allereie teke leiinga. Stemninga er god for både kvittrøyer og heimepublikum.
Men så i løpet av sekundar stivnar smila, og det vert med eitt heilt tyst. Islendingen Emil Pålsson har nett sendt ballen frå seg til ein lagkamerat, før han utan nærkontakt med nokon andre ramlar til bakken, på ein totalt uforklarleg måte.
Skjønar alvoret
Domaren reagerer raskt, og mest på autopilot vinkar han mot benken til Sogndal
Fysioterapeuten spring som vanleg først ut, og eg kjem sekundar etterpå. Då eg innser alvoret i situasjonen,tilkallar eg omgåande ambulansefolka.
Alt går veldig kjapt, og me skjønar kva som utspelarar seg framfor auga våre. Men alle veit også arbeids oppgåven sine og i fellesskap gjer me hjarteststansen så kort som råd er. Sjølvsagt er det heilt forferde å oppleve noko slikt med ei topptrena, ung mann.
Samstundes veit me at når førstnoko så galt skulle skje, kunne ikkje den islandske fotballspelaren vore heldigare.
Store proporsjonar
Det er Anders Roso som fortel om hendinga for nokre månader sidan.
Ti år etter at Brann-spelaren Carl Erik Torp ramla om på den same bana, og til liks med Pålsson vart teken med helikopter raskaste vegen til Haukeland sjukehus.
Roso er Sogndal sin eigen fotball lege.Det har han vore dei siste sju sesongane. Til dagleg er han fastlege i Skei, og har også bakgrunn frå sjukehuset i Forde. Han har opplevd hjartestansari jobbkvardagen sin, men aldri for i ein slik setting som den forste måndagen i november.
— Det vanlege er jo at slikt skjer med folk som allereie er gamle og gjerne også sjuke. Hjartestansar skjer jo kvar einaste dagi dette landet, utan at det fører til dei store oppslaga. Men når det utspelar seg midt påtusen tilskodarar på fotballbane, med over på tribuna, på direktesendt fjernsyn og med ein presumptivt heilt frisk person, får det sjølvsagt heilt andre proporsjonar, slår den travle legen fast.
Attende på Island
Hovudpersonen sjølv islandske Emil Pålsson, har for lengst reist frå Sogndal og Noreg, Etter nokre dagar på sjukehus, var han attende på Fosshaugane Campus, då kampen mot Stjordals-Blink vart fullført
Der fekk han for kampstart gleda av å takka alle dei som hadde vore med på å redde livet hans,
– Det gjorde godt, seier spelarensom hadde kontrakt med Sarpsborg 08, men som var utleigd vidare til Sogndal.
– Familien min kom til meg medan eg låg på sjukehuset i Bergen, og eg reiste heim til Island saman med dei seier den ballspelande lei beidaren.
Gjev sjølvsagt håp
No har han fått hendinga litt på avstand, og formen i anmarsj.
Eg kjenner meg eigentleg ikkjeså annleis enn for hjartestansen.
Dei første vekene etter at eg var attende på Island tok eg det svært roleg Men no har eg trena nokre veker. Eg kan eigentleg gjera detsom eg har lyst til, men har fått
instruksar om at pulsen ikkje skal høgare enn til 130, rapporterer han frå Sagaøya.
I skrivande stund er det berre nokre dagar sidan Christian Eriksen gjekk ut og fortalte at han har eit mål om å kvalifisera seg for den danske troppen til fotball-VM Qatar, mot slutten av 2022
— Eg har sjølvsagt fått med meg uttalane til Eriksen, og det gjev jo heilt klart håp også for meg. Eg onskjer jo veldig gjerne å koma attende på fotballbana på eit høgt nivå, men eg veit jo også at kvar hjartstans er ein individuell sak. Og at eg sjølvsagt må ta ei eventuell avgjerd om å halda fram fotballkarrieren min, i tett dialog med legar oghelsepersonell, seier Pålsson.
Minne for livet
Emil held framleis tett kontakt med Roso, og klubblegen følgjer med på utviklinga hans, så godt det let seg gjera frå Noreg
— Eg har tidlegare aldri opplevd situasjon: der nokon har hatt bruk
for hjartestartar. Men etter at eg sjølv vart henta attende til iver, har eg teke kontakt med andre som har vore gjennom det same. Dei er sjølvsagt like takksame som det eg er. Det er også fint å høyre kva erfaringar dei har gjort seg om livetetter «døden», seier Emil Pålsson.
Heime i Jølster sit ein lege som aldri kjem til å gløyma det som skjedde på Fosshaugane Campus. At eg kunne vera ein del av eit team som gjorde ein skilnad for Emil, er også noko som alltid kjem til å sitja i som ei stor glede for meg, smiler for Anders Roso.

