6.4 C
Rosendal
torsdag, april 18, 2024

Buy now

spot_img
spot_img

Nytt drama i Sogndal

Vanlegvis er det seine reduseringar, håplause dommaravgjerder og nervepirrande sluttminutt som skapar drama på Fosshaugane Campus. 1. november handla det om liv og død. Men hjelpa var heldigvis nær.

Heimekampen mot Stjørdals-Blink er berre tolv minutt gamal. Eitt opprykkskjempande Sogndal har allereie teke leiinga. Stemninga er god for både kvittrøyer og heimepublikum. Men så i løpet av sekundar stivnar smila, og det vert med eitt heilt tyst. Islendingen Emil Pálsson har nett sendt ballen frå seg til ein lagkamerat, før han utan nærkontakt med nokon andre ramlar til bakken, på ein totalt uforklarleg måte.

Les mer kjøp: LilleAnne

Skjønar alvoret

Domaren reagerer raskt, og mest på autopilot vinkar han mot benken til Sogndal.

– Fysioterapeuten spring som vanleg først ut, og eg kjem sekundar etterpå. Då eg innser alvoret i situasjonen, tilkallar eg omgåande ambulansefolka. Alt går veldig kjapt, og me skjønar kva som utspelarar seg framfor auga våre. Men alle veit også arbeidsoppgåvene sine, og i fellesskap gjer me hjartestansen så kort som råd er. Sjølvsagt er det heilt forferdeleg å oppleve noko slikt med ein topptrena, ung mann. Samstundes veit me at når først noko så galt skulle skje, kunne ikkje den islandske fotballspelaren vore heldigare.

Les mer kjøp: BaxStrap båre

Store proporsjonar

Det er Anders Rosø som fortel om hendinga for nokre månader sidan. Ti år etter at Brann-spelaren Carl Erik Torp ramla om på den same bana, og til liks med Pálsson vart teken med helikopter raskaste vegen til Haukeland sjukehus.

Rosø er Sogndal sin eigen fotball-lege. Det har han vore dei siste sju sesongane. Til dagleg er han fastlege i Skei, og har også bakgrunn frå sjukehuset i Førde. Han har opplevd hjartestansar i jobbkvardagen sin, men aldri før i ein slik setting som den første måndagen i november. 

– Det vanlege er jo at slikt skjer med folk som allereie er gamle og gjerne også sjuke. Hjartestansar skjer jo kvar einaste dag i dette landet, utan at det fører til dei store oppslaga. Men når det utspelar seg midt på ein fotballbane, med over tusen tilskodarar på tribuna, på direktesendt fjernsyn og med ein presumptivt heilt frisk person, får det sjølvsagt heilt andre proporsjonar, slår den travle legen fast. 

For mer info/kjøp

Attende på Island

Hovudpersonen sjølv, islandske Emil Pálsson, har for lengst reist frå Sogndal og Noreg. Etter nokre dagar på sjukehus, var han attende på Fosshaugane Campus, då kampen mot Stjørdals-Blink vart fullført. Der fekk han før kampstart gleda av å takka alle dei som hadde vore med på å redde livet hans.

– Det gjorde godt, seier spelaren som hadde kontrakt med Sarpsborg 08, men som var utleigd vidare til Sogndal. 

– Familien min kom til meg medan eg låg på sjukehuset i Bergen, og eg reiste heim til Island saman med dei, seier den ballspelande leigearbeidaren.

For mer info/kjøp av Hjertebrett

Gjev sjølvsagt håp

No har han fått hendinga litt på avstand, og formen er i anmarsj.

– Eg kjenner meg eigentleg ikkje så annleis enn før hjartestansen. Dei første vekene etter at eg var attende på Island tok eg det svært roleg. Men no har eg trena nokre veker. Eg kan eigentleg gjera det som eg har lyst til, men har fått instruksar om at pulsen ikkje skal høgare enn til 130, rapporterer han frå Sagaøya.

I skrivande stund er det berre nokre dagar sidan Christian Eriksen gjekk ut og fortalte at han har eit mål om å kvalifisera seg for den danske troppen til fotball-VM i Qatar, mot slutten av 2022. 

– Eg har sjølvsagt fått med meg uttalane til Eriksen, og det gjev jo heilt klart håp også for meg. Eg ønskjer jo veldig gjerne å koma attende på fotballbana på eit høgt nivå, men eg veit jo også at kvar hjartestans er ein individuell sak. Og at eg sjølvsagt må ta ei eventuell avgjerd om å halda fram fotballkarrieren min, i tett dialog med legar og helsepersonell, seier Pálsson.

For mer informasjon/kjøp av Threshold IMT

Minne for livet

Emil held framleis tett kontakt med Rosø, og klubblegen følgjer med på utviklinga hans, så godt det let seg gjera frå Noreg.

– Eg har tidlegare aldri opplevd situasjonar der nokon har hatt bruk for hjartestartar. Men etter at eg sjølv vart henta attende til livet, har eg teke kontakt med andre som har vore gjennom det same. Dei er sjølvsagt like takksame som det eg er. Det er også fint å høyre kva erfaringar dei har gjort seg om livet etter «døden», seier Emil Pálsson.

Heime i Jølster sit ein lege som aldri kjem til å gløyma det som skjedde på Fosshaugane Campus.

– At eg kunne vera ein del av eit team som gjorde ein skilnad for Emil, er også noko som alltid kjem til å sitja i som ei stor glede for meg, smiler Anders Rosø.

Tekst Vidar Alfarnes- Hjertevakten magasin

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

spot_img