Photo by pina messina on Unsplash
Forskarar har funne ein måte å gi antibiotika nytt liv på – ved å blokkera bakteriane sitt viktigaste forsvar mot medisinen.
Antibiotikaresistens vil seia at bakteriar utviklar mekanismar som på fleire måtar fungerer som eit forsvar. Ein av måtane er å bryta ned legemiddelet.
Dei mest brukte antibiotikuma i verda er ei gruppe som heiter betalaktam, seier Rebekka Rolfsnes Hovd.
Ho har forska på dette i arbeidet med doktorgraden sin ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.
Mange bakteriar har utvikla enzym som har fått namn etter antibiotikumet det verkar mot og dermed heiter nesten det same, nemleg betalaktamase, seier Rolfsnes.

For mer informasjon om: Lille Anne 6 pakning
Potensielle forbindelsar
Betalaktamasar er inndelt i to klassar, etter kva slags komponent dei er avhengig av for å utføra forsvarsjobben.
Den eine klassen er avhengig av aminosyra serin og den andre av metallet sink.
Dei blir såleis kalla serin-betalaktamasar (SBLar) og metallo-betalaktamasar (MBLar).
I mot den fyrste klassen har vi ein del stoff som kan forhindra enzyma frå å bryta ned betalaktam. Men MBLar har vi til no ingen botemiddel mot, forklarar Hovd.
Prosjektet mitt har vore å forska på potensielle forbindelsar som kan bøta på det.

For mer informasjon om: Mini Anne
Blir ikkje brote ned
Hovd har gjort forskinga si under nærings-ph.d.-ordninga til Forskingsrådet ved Farmasøytisk institutt UiO og ved UiT Noregs arktiske universitet, i tett samarbeid med det farmasøytiske selskapet Adjutec Pharma.
Selskapet har sitt opphav frå forsking utført ved Universitetet i Oslo.
Adjuvans betyr eit hjelpestoff eller ei støttande behandling. Adjuvansen er altså ikkje eit legemiddel i seg sjølv. Åleine har han ingen effekt, forklarar Hovd.
I kombinasjon med – i vårt tilfelle – eit betalaktam, fungerer adjuvansen ved å forhindra aktiviteten til betalaktamase-enzymet. Antibiotikumet blir såleis ikkje brote ned og kan ta knekken på bakterien, seier ho.

For mer informasjon om: Heartstart FRx startpakke
Kan verka på eit breiare spekter
Selskapet Adjutec si løysing er forbindelsar som angrip MBL-enzyma sin funksjon ved å stela sinken dei er avhengige av for å forsvara bakterien.
Hovudkomponenten til Adjutec er forbindelsen ACP148. Det har alt vore gjennom tidleg klinisk utprøving på menneske med gode resultat, fortel Hovd.
Eg har jobba med eit liknande stoff, APC24-7, som kombinerer teknologien bak APC148 med å stele sink med ein komponent som verkar på både SBLar og MBLar. Formålet var å gjera stoffet endå betre til å forhindra aktiviteten til betalaktamasane, seier ho.
ACP24-7 er førebels berre testa på bakteriar i laboratoriet.
Men Hovd har vist at å festa ein sink-stelande komponent til adjuvansar, slik som i APC24-7, kan gjera at dei kan verka på eit breiare spekter av antibiotikaresistente bakteriar.
Referanser:
Rebekka Rolfsnes Hovd mfl: APC24-7, a covalent combination of boronic acid and chelator moieties, restores β-lactam efficiency against metallo-β-lactamase-producers. mSphere, 2025. Doi.org/10.1128/msphere.00418-25
Rebekka Rolfsnes Hovd: Antibiotic Resistance and the Microbiome: A Hidden Reservoir. Nettside for disputas, Universitetet i Oslo, 2026.





