Photo by Nguyễn Hiệp on Unsplash
Ved å bruka papir som er innsett med antistoff, kan forskarar enklare finna viktige protein i blodet – også når mengdene er svært små.
Blodårene er kroppen sitt transportsystem. Blodet fraktar næringsstoff, avfallsstoff, signalstoff og så vidare frå dei sentrale organa ut til dei mest avsidesliggjande hårrøyra og tilbake igjen.
Sidan blodet sirkulerer rundt i oss frå topp til tå, så inneheld det óg masse informasjon om ulike prosessar som skjer i kroppen.
Med alle greiene som skal sjauast hit og dit er det ikkje urimeleg å sjå på blodet som ei salig suppe.

For mer informasjon om: Heartstart HS 1
Kan fortelja noko om helsetilstanden
Blod har utruleg mange komponentar. Det inneheld veldig mange protein. Nokre finst det mykje av, og dei er lette å sjå når ein skal analysera ein blodprøve og bestemma mengda av dei, seier forskar Ago Mrsa.
Men så er det veldig mange andre protein i svært låg konsentrasjon, men som likevel er klinisk relevante. Slike protein blir gjerne kalla biomarkørar, fordi dei kan fortelja noko om helsetilstanden til personen blodet kjem frå, seier Mrsa.

For mer informasjon om: Mini Familien
Startar prøveopparbeidinga på papiret
Dei fleste har blitt tappa blod av når ein tek blodprøve. Mrsa jobbar med ei meir skånsam form for prøvetaking.
Alt i dag tek ein blodprøvar av nyfødde ved å gje dei eit lite prikk på hælen, og så fangar ein bloddropen med eit filterpapir, forklarar Mrsa.
Men når ein har så lite prøvemateriale og leitar etter komponentar i blodet som det er låg konsentrasjon av, krev det mykje opparbeiding av prøven i laboratoriet for å finna det ein er ute etter.
Løysinga som Mrsa jobbar med, er å starta prøveopparbeidinga alt på papiret.

For mer informasjon om: BaXstrap båre
Blodvæske utan blodceller
Ein måte å reinsa opp ein blodprøve slik at vi berre står igjen med det proteinet vi ynskjer å måla, er ved bruk av antistoff, seier han.
Ein kan tenkja på antistoff som ekstremt kresne detektivar. Kvart antistoff gjenkjenner éin heilt bestemt struktur på eit protein eller andre molekyl, og berre den strukturen, forklarar han.
Antistoffet vert som ei usynleg hand som berre held fast i éin bestemt ting i ei stor, rotete suppe av molekyl, seier han.
Så det eg gjer, er å behandla papiret kjemisk med antistoff slik at antistoffet festar seg til papiret. Når prøven har turka på papiret, kan eg skola vekk blodet. Det som heng att på papiret, er antistoffet, og det som heng att på antistoffet er proteinet eg er ute etter.
I laboratoriet er det ikkje friskt blod det går i når Mrsa utfører testane sine, men blodserum. Det er blodvæska utan blodceller, ei klar, gul væske.

For mer informasjon om: Lille Anne
Ta arbeidet eit steg vidare
Årsaka er at serum let seg frysa ned utan problem. Dersom ein frys ned friskt blod, sprekk blodcellene, og det vert ganske sølete. Men i ein klinisk situasjon vil ein som regel bruka friskt blod, seier han.
Målet mitt har vore å ta arbeidet eit steg vidare, frå laboratoriebenken og nærare klinisk bruk.

For mer informasjon om: Mann over bord dukke
Har vist svært gode resultat
Skal det skje, må han fyrst visa at resultata av prøveopparbeidinga er minst like god som eksisterande metodar. Og det har han gjort.
Eg har vidareutvikla metoden ved å testa kva som fungerte og kva som ikkje gjorde det, og optimalisert til eg er fornøgd, seier han.
Han har validert han opp mot European Medical Agency (EMA, Det europeiske legemiddelrådet) sine retningslinjer for bioanalytiske metodar.
Både metoden og analyseinstrumenta våre har vist svært gode resultat, seier han.
Eg har óg samanlikna ytinga med to andre metodar, ein som er utvikla her i vår forskingsgruppe og ein kommersiell. Resultata har ikkje vist nokon forskjell, så no bør vi vera klare for å ta neste steg.





