Site icon Hjertevakten ®

Hypnose før operasjon kan redusere smerter og utmattelse

Photo by Mark Williams on Unsplash

Kort psykologisk behandling før og etter brystkreftoperasjon kan gi mindre smerter, lavere stress og bedre livskvalitet, viser ny norsk forskning.

Er du klar? Psykolog Silje Endresen Reme ser på meg og smiler. 

Ho sit oppreist i kontorstolen sin på Universitetet i Oslo med ein bunke ark i hendene. Eg kjenner meg som ei lita skulejente med sommarfuglar i magen her eg lener meg bakover i ein litt for stor stol. 

Vanlegvis er det eg som journalist som stiller spørsmåla, men i dag er rollene snudd.

Har du opplevd å vera i flyt?

Pasienten nikkar forsiktig.

I ein tilstand der du gløymer tid og stad?

For mer informasjon om: Førstehjelpskoffert Multi

Hypnose er ikkje skummel magi 

Ja, svarer pasienten.

Då har du vore i transe – i hypnose, seier Reme.

Pasienten ser forvirra på ho. Ho forstår kva eg tenker.

Hypnose er ikkje skummel magi slik du kanskje har sett det på TV og sceneshow. De er ikkje sånn at du mistar kontrollen. Eg kan ikkje få deg til å gjera ting du ikkje vil, seier Reme.

Det er heilt trygt. Du skal berre sitja heilt i ro og lytta, legg ho til.

For mer informasjon om: Hjertevakten sin førstehjelpspute

Angst og stress påverkar langvarige smerter

Kvart år blir feire tusen norske kvinner operert for brystkreft. Nesten halvparten får langvarige smerter og utmatting etter operasjonen. 

I dag finst det ingen effektive metodar for å førebyggja slike seinskader, men me veit at psykologiske faktorar speler ei viktig rolle, fortel Reme.

Stress, angst, depresjon, sosial støtte og korleis du har det når du blir operert. Alt dette har utruleg mykje å seia for å kunne forklara kvifor nokon utviklar langvarige smerter, seier ho.

Ho jobbar til vanleg på smerteklinikken på Ullevål sjukehus i Oslo. Der har mange smerter det er vanskeleg å forklare, men for brystkreftpasientar er situasjonen ein annan. Dei fleste kjem inn til operasjon utan smerter, men kjem ut og får det.

Det gav meg idéen: Kan me gjera noko like før operasjonen som hindrar dette?

Ho gjekk til forskingslitteraturen og fann ut at forskarar hadde prøvd mindfulness, avspenning og pust, men at den aller mest effektive psykologiske metoden på tvers av alle operasjonar var hypnose.

Me trur det handlar om at hypnosen er best på å endra forventingar. Du går frå å føle at du ikkje meistrar, til å tru at dette kan gå bra, både bevisst og ubevisst. Der skil hypnosen seg frå andre teknikkar som er mindre instruerande.

For mer informasjon om: Hjertestarter skap med innlagt varme

Hypnose førte til færre medisinar og plager etter operasjon

Med støtte frå Kreftforeningens innsamlingsaksjon fekk Reme 200 brystkreftpasientar til å vera med i eit nytt norsk forskingsprosjekt. Halvparten skulle få hypnose av ein terapeut og resten mindfulness på lydfil.

Sola hadde knapt stått opp då dei første nervøse damene dukka opp på sjukehuset. Det var to timar til operasjonen deira, mørkt og stille, men i eit koseleg lite rom like ved operasjonssalen stod ein erfaren terapeut og venta. 

Dei fekk sjølve velja om dei ville sitja eller liggja under hypnosen, og etterpå følgde terapeuten dei fram til operasjonsbordet. Det same gjorde studiesjukepleiaren med kontrollgruppa.

Kva har damene sagt i ettertid? Spør pasienten, endeleg tilbake i journalistrolla.

Dei sa at det var ein utruleg fin veg inn i operasjonen. Sjølv om pakkeforløp fungerer bra på så utruleg mange måtar, er det nok ein del som opplever at det psykososiale manglar litt. Det triggar masse følelsar og eksistensiell frykt, seier Reme.

Resultatet frå forskinga var tydeleg: Klinisk hypnose rett før operasjon førte til mindre bruk av smertestillande medisinar og mindre utmatting og psykisk stress samanlikna med kort mindfulness.

Det at dei også fekk tilgang til ei digital pakke med lyd- og videofiler i etterkant av operasjonen, gjorde også livskvaliteten betre på lengre sikt, legg Reme til. 

For mer informasjon om: Heartstart HS1 startpakke

Motgift til negative tankar

Ingenting kan forstyrra deg på din spesielle stad. Du er så komfortabel at ingenting kan forstyrra deg. Seinare vil ikkje operasjonen plaga deg i det heile tatt. Du vil kunne merka ei svak smerte, men berre som ein irritasjon.

Den mjuke, søvndyssande tonen i stemma til psykologen har endra seg. No slår orda mot meg fast og bestemt.

Det vil vera lite eller ingen smerter under eller etter operasjon. Berre fred og velvære, sunn og roleg. Det vil vera lite eller ingen kvalme under eller etter operasjonen. Berre fred og velvære, sunn og roleg. Du kan merka at du er sliten etter operasjonen, men det vil berre vera eit mindre ubehag. Du vil vera open og fylt av energi. Du vil nesten ikkje merka noko.

Reme tel plutseleg baklengs frå fem. Hypnosen er over.

Ja, korleis var det? spør Reme lurt igjen.

Litt fortumla over å vera så brått tilbake i verda svarer eg at det var fint og spennande.

Du merka sikkert at stemma mi gjekk frå å vere mild og god i starten til å bli meir autoritær når eg gav beskjedar til hjernen? Det kan verke litt urealistisk og provoserande at me seier at du ikkje skal kjenna smerte, seier Reme. 

Men viss du tenker over det, så gjev jo angsten og frykta oss mange meldingar heile tida: «Dette kjem til å gjera vondt», «Dette kjem aldri til å gå bra», legg ho til.

For mer informasjon om: Lille Anne 6 pakning

Kan avlaste helsevesenet vårt

Gjennom hypnosen brukar ein instruksjonar som motgift til dei negative og engstelege tankane. Hjernen huskar setningane bevisst og ubevisst og gjer at du kan henta dei opp når det trengst.

Snart skal alle brystkreftpasientar i landet få tilgang til hypnosen til Reme i ein digital variant, men først skal ho ut og læra opp helsepersonell.

Viss dette verkeleg fungerer, er det eit fantastisk tiltak for å avlasta helsevesenet i framtida.

Det er håpet vårt! Det kostar ingenting, og så kan det bety så mykje for så mange, seier psykologen og forskaren.


Referanse:

Kreftforeningen

Silje Endresen Reme mfl.: Pre- and post-operative psychological interventions to prevent pain and fatigue after breast cancer surgery (PREVENT): Protocol for a randomized controlled trial. PLOS ONE, 2022.


For mer informasjon om: Komplett førstehjelpsdukke

Hypnose

Exit mobile version