Thore redda av venene sine

Han kunne like gjerne ha sove heime i si eiga seng. Eller på hytta i Sirdal. Men denne laurdagen var han seint oppe, i hyggeleg førjuls-selskap med kollegar og ektefellar.

Det redda truleg livet til Thore Lie. For ikkje berre var han med menneske han kjente godt. Venekrinsen talte også folk som arbeidde innan helsesektoren. Som sjølv etter eit par glas med vin, hadde både ryggmergsrefleksane og hjarte- og lungeredningskompetansen intakt. Vi skal attende til Madlamark, i november i 2019. Jula nærmar seg, og framleis var folk flest utan tanke for dei pandemiske utfordringane som venta i det nye året.

Lite forvarsel

– Sjølv om eg ikkje nett var nokon toppidrettsutøvar, var eg i svært god fysisk form på den tida. Det var berre halvannan månad sidan eg hadde debutert som halvmaraton-løpar, under ein konkurranse i Stavanger. Til og frå jobben i sentrum nytta eg sykkelen så ofte eg kunne. Tankar om at det skulle vere noko galt med hjartet, hadde ikkje ein gong streifa meg, røper den 50 år gamle bankmannen. – No ville det seg likevel slik at eg fekk eit lite forvarsel om at alt ikkje var hundre prosent. Heldigvis fanga kona mi opp at eg ein times tid tidlegare hadde «forsvunne vekk» nokre sekund. Då eg seinare på kvelden ramla rett av stolen og ned på golvet, visste ho med ein einaste gong at dette var hjartestans, fortel hovudpersonen sjølv i ettertid.

Venene tok tak

Det blei sjølvsagt kaos i stova med det same, men samstundes var det fleire som omgåande greip tak i situasjonen, og gjekk i gong med hjarte- og lungeredning. Samstundes vart det ringt til 113, og det tok ikkje lang tid før ein ambulanse var på veg. Helle Fløisvik dreiv nett då på med litt rydding, og var på veg mot kjøkenet. Ho jobbar sjølv i helsevesenet, og visste svært godt kva som måtte gjerast. – Det var også andre der som hjelpte til, og spurde om eg ikkje ville ha litt avlastning med kompresjonane. Det burde eg kanskje ha takka ja til, men eg var så fokusert på å halde det gåande, at eg knapt ensa spørsmåla. Til slutt var det ein som tok meg på skuldra, og sa at han ville overta. Det var ein av ambulansefolka, forklarar Fløisvik på ein filmsnutt som Lærdal Medical har fått laga, etter det dramatiske juleselskapet på Madlamark. Kring ti minuttars køyretur frå Stavanger universitetssjukehus. Ambulansen hadde sjølvsagt hjartestartar med, og på veg attende til sjukehuset fekk dei liv i hjartet til Thore.

Plassert i bilen

I dag er Thore Lie igjen frisk og rask. Han fekk operert inn ein såkalla ICD, som er ein kombinert hjartestartar og pacemaker. – Eg har også gått til innkjøp av ein eigen hjartestartar. Ikkje for at eg kjem til å trenge han sjølv, men ein veit jo aldri kva som skjer med andre i flokken. Hjartestartaren er fast plassert i bilen, så då veit eg at han er i nærleiken om eg er heime, på hytta eller på tur ein annan stad. Etter det som skjedde, har eg kursa meg i hjarteog lungeredning. Eg veit jo betre enn dei fleste kor viktig det kan vere. Hadde ikkje venene våre hatt den kunnskapen dei fekk bruk for under juleselskapet i 2019, hadde dette aldri gått bra. Neste gong er det kanskje du som kan redda eit anna menneske. Så eg oppfordrar alle til å lære seg hjarte- og lungeredning, jo før jo heller. PS! For ikkje så lenge sidan kom vesle Emil til verda. – Det er heilt fantastisk å få oppleve rolla som morfar. Tenk kor heldig eg har vore.