{"id":11131,"date":"2023-05-04T08:05:00","date_gmt":"2023-05-04T06:05:00","guid":{"rendered":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/?p=11131"},"modified":"2023-05-02T15:29:02","modified_gmt":"2023-05-02T13:29:02","slug":"forbrenninga-i-muskelcellene-endrar-seg-nar-folk-blir-overvektige","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/?p=11131","title":{"rendered":"Forbrenninga i muskelcellene endrar seg n\u00e5r folk blir overvektige."},"content":{"rendered":"\n<p class=\"wp-block-paragraph\"><strong>Forskarar er i gang med grunnforsking som kan gje betre forst\u00e5ing \u2013 som kanskje kan f\u00f8rebyggja diabetes type 2.<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Skjelettmusklane utgjer rundt halvparten av kroppsvekta v\u00e5r og dei gjer at vi kan bevege oss. Forbrenninga i cellene i desse musklane er ein viktig del av energiomsetjinga v\u00e5r.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Men energiomsetjinga i skjelettmusklane endrar seg med kroppsvekta, slik at forbrenninga hj\u00e5 overvektige er annleis enn hj\u00e5 normalvektige.\u00a0<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Det forklarar forskar Parmeshwar Katare ved Farmas\u00f8ytisk institutt p\u00e5 Universitetet i Oslo.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Dersom vi forst\u00e5r meir av korleis desse endringane skjer, vil vi \u00f2g forst\u00e5 meir om korleis folk utviklar insulinresistens og diabetes type 2, seier han.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/hjertevakten.com\/produkt\/hjertestarter\/heartstart\/heartstart-pakke\" target=\"_blank\" rel=\"noreferrer noopener\"><img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2019\/06\/HS1-med-veske-1024x260.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-6590\"\/><\/a><\/figure>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\">Cellene forbrenn meir glukose<\/h2>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">For \u00e5 unders\u00f8kja dette n\u00e6rmare, dyrka Katare og kollegane fram cellekulturar fr\u00e5 vevspr\u00f8var tekne fr\u00e5 l\u00e5rmusklane til normalvektige og personar med fedme.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">S\u00e5 studerte dei opptaket og forbrenninga av glukose, feittsyrer og aminosyrer i cellene.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Glukose er druesukker, eit karbohydrat, og den viktigaste kjelda til energi i kroppen. Aminosyrer p\u00e5 si side er byggesteinane i protein. Karbohydrat, feitt og protein er n\u00e6ringsstoffa som gjev kroppen energi.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Det er alts\u00e5 forbrenninga av desse stoffa som skjer i cellene i skjelettmusklane.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Vi oppdaga at skjelettmuskelcellene fr\u00e5 personar med fedme, i st\u00f8rre grad enn celler fr\u00e5 normalvektige, forbrann energi p\u00e5 same m\u00e5te som n\u00e5r cellene ikkje f\u00e5r nok oksygen. Denne tilstanden heiter hypoksi.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/hjertevakten.com\/produkt\/ovingsdukker\/minianne\/minianne-en-forstehjelpdukke\" target=\"_blank\" rel=\"noreferrer noopener\"><img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2023\/02\/MiniAnne-1024x260.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-10989\"\/><\/a><\/figure>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Ved hypoksi forbrenn cellene fr\u00e5 personar med fedme meir glukose, medan forbrenninga av feittsyrer var l\u00e5gare. Forbrenning av glukose krev nemlig ikkje like mykje oksygen.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Skjelettmuskelcellene fr\u00e5 personar med fedme tok opp meir av b\u00e5de glukose, feittsyrer og aminosyrer enn celler fr\u00e5 normalvektige.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">L\u00e5gare forbrenning og h\u00f8gare opptak av feittsyrer gjev meir oppsamling av feitt inne i cellene. Det kan bidra til den forstyrra forbrenninga som personar med insulinresistens og type 2-diabetes har.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><a href=\"https:\/\/hjertevakten.com\/produkt\/forstehjelpsutstyr\/kofferterskrinputer\/medisinskap-zena\" target=\"_blank\" rel=\"noreferrer noopener\"><img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2023\/02\/Zena-1024x260.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-10977\"\/><\/a><\/figure>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\">Fortsatt berre laboratoriefors\u00f8k<\/h2>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Deretter testa forskarane om omega-3-feittsyrer kunne bidra til \u00e5 betra energiomsetjinga i skjelettmusklane.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Dei samanlikna to omega-3-feittsyrer: EPA (eikosapentaensyre) og den meir vanlege feittsyra PA (palmitinsyre).&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Det gjorde dei for \u00e5 kontrollera om det var feittsyrer generelt som hadde eventuell effekt, eller om det var noko ekstra med omega-3-varianten.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Begge gav auka opptak av feittsyrer. EPA gav h\u00f8gare opptak enn PA, men verken PA eller EPA bidrog til auka forbrenning i cellene, fortel Katare.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Men for glukose var forskjellen st\u00f8rre. EPA gav b\u00e5de h\u00f8gare forbrenning og auka opptak av glukose, og effekten var meir uttalt i celler fr\u00e5 personar med fedme.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Alt i alt har fors\u00f8ka i laboratoriet med cellekulturar vore lovande. Men det er fortsatt berre laboratoriefors\u00f8k. Det neste prosjektet v\u00e5rt er \u00e5 unders\u00f8kja om vi f\u00e5r dei same resultata i muskelceller fr\u00e5 fors\u00f8kspersonar som har ete omega-3-feittsyrer.<\/p>\n\n\n\n<hr class=\"wp-block-separator has-alpha-channel-opacity\"\/>\n\n\n\n<h5 class=\"wp-block-heading\">Referanse:&nbsp;<\/h5>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-group is-vertical is-layout-flex wp-container-core-group-is-layout-4fc3f8e1 wp-block-group-is-layout-flex\">\n<p class=\"wp-block-paragraph\"><em>Universitetet i\u00a0Oslo<\/em><\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Parmeshwar Katare m.fl.:\u00a0<a href=\"https:\/\/www.frontiersin.org\/articles\/10.3389\/fphys.2022.982842\/full\">Energy metabolism in skeletal muscle cells from donors with different body mass index<\/a>.<em>\u00a0Frontiers in Physiology<\/em>, 2022. Doi.org\/10.3389\/fphys.2022.982842<\/p>\n<\/div>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Forskarar er i gang med grunnforsking som kan gje betre forst\u00e5ing \u2013 som kanskje kan f\u00f8rebyggja diabetes type 2. Skjelettmusklane utgjer rundt halvparten av kroppsvekta v\u00e5r og dei gjer at vi kan bevege oss. Forbrenninga i cellene i desse musklane er ein viktig del av energiomsetjinga v\u00e5r. Men energiomsetjinga i skjelettmusklane endrar seg med kroppsvekta, [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":11132,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[3],"tags":[612,1164,207,339],"class_list":["post-11131","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-nyheter","tag-diabetes-2","tag-forbrenning","tag-forskning","tag-overvekt"],"amp_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11131","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=11131"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11131\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":11133,"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11131\/revisions\/11133"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/11132"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=11131"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=11131"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=11131"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}