{"id":13081,"date":"2021-08-05T13:51:00","date_gmt":"2021-08-05T11:51:00","guid":{"rendered":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/?p=13081"},"modified":"2026-08-12T12:10:38","modified_gmt":"2026-08-12T10:10:38","slug":"thore-redda-av-venene-sine","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/?p=13081","title":{"rendered":"Thore redda av venene sine"},"content":{"rendered":"\n<div class=\"wp-block-columns is-layout-flex wp-container-core-columns-is-layout-8f761849 wp-block-columns-is-layout-flex\">\n<div class=\"wp-block-column is-layout-flow wp-block-column-is-layout-flow\" style=\"flex-basis:25%\">\n<h4 class=\"wp-block-heading\"><em>Han kunne like gjerne ha sove heime i si eiga seng. Eller p\u00e5 hytta i Sirdal. Men denne laurdagen var han seint oppe, i hyggeleg f\u00f8rjuls-selskap med kollegar og ektefellar.&nbsp;<\/em>Det redda truleg livet til Thore Lie. For ikkje berre var han med menneske han kjente godt. Venekrinsen talte ogs\u00e5 folk som arbeidde innan helsesektoren. Som sj\u00f8lv etter eit par glas med vin, hadde b\u00e5de ryggmergsrefleksane og hjarte- og lungeredningskompetansen intakt. Vi skal attende til Madlamark, i november i 2019. Jula n\u00e6rmar seg, og framleis var folk flest utan tanke for dei pandemiske utfordringane som venta i det nye \u00e5ret.&nbsp;<\/h4>\n<\/div>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-column is-layout-flow wp-block-column-is-layout-flow\" style=\"flex-basis:25%\">\n<p class=\"wp-block-paragraph\"><strong>Lite forvarsel<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\"><strong>\u00a0<\/strong>\u2013 Sj\u00f8lv om eg ikkje nett var nokon toppidrettsut\u00f8var, var eg i sv\u00e6rt god fysisk form p\u00e5 den tida. Det var berre halvannan m\u00e5nad sidan eg hadde debutert som halvmaraton-l\u00f8par, under ein konkurranse i Stavanger. Til og fr\u00e5 jobben i sentrum nytta eg sykkelen s\u00e5 ofte eg kunne. Tankar om at det skulle vere noko galt med hjartet, hadde ikkje ein gong streifa meg, r\u00f8per den 50 \u00e5r gamle bankmannen. \u2013 No ville det seg likevel slik at eg fekk eit lite forvarsel om at alt ikkje var hundre prosent. Heldigvis fanga kona mi opp at eg ein times tid tidlegare hadde \u00abforsvunne vekk\u00bb nokre sekund. D\u00e5 eg seinare p\u00e5 kvelden ramla rett av stolen og ned p\u00e5 golvet, visste ho med ein einaste gong at dette var hjartestans, fortel hovudpersonen sj\u00f8lv i ettertid.\u00a0<\/p>\n<\/div>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-column is-layout-flow wp-block-column-is-layout-flow\" style=\"flex-basis:25%\">\n<p class=\"wp-block-paragraph\"><strong>Venene tok tak\u00a0<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Det blei sj\u00f8lvsagt kaos i stova med det same, men samstundes var det fleire som omg\u00e5ande greip tak i situasjonen, og gjekk i gong med hjarte- og lungeredning. Samstundes vart det ringt til 113, og det tok ikkje lang tid f\u00f8r ein ambulanse var p\u00e5 veg. Helle Fl\u00f8isvik dreiv nett d\u00e5 p\u00e5 med litt rydding, og var p\u00e5 veg mot kj\u00f8kenet. Ho jobbar sj\u00f8lv i helsevesenet, og visste sv\u00e6rt godt kva som m\u00e5tte gjerast. \u2013 Det var ogs\u00e5 andre der som hjelpte til, og spurde om eg ikkje ville ha litt avlastning med kompresjonane. Det burde eg kanskje ha takka ja til, men eg var s\u00e5 fokusert p\u00e5 \u00e5 halde det g\u00e5ande, at eg knapt ensa sp\u00f8rsm\u00e5la. Til slutt var det ein som tok meg p\u00e5 skuldra, og sa at han ville overta. Det var ein av ambulansefolka, forklarar Fl\u00f8isvik p\u00e5 ein filmsnutt som L\u00e6rdal Medical har f\u00e5tt laga, etter det dramatiske juleselskapet p\u00e5 Madlamark. Kring ti minuttars k\u00f8yretur fr\u00e5 Stavanger universitetssjukehus. Ambulansen hadde sj\u00f8lvsagt hjartestartar med, og p\u00e5 veg attende til sjukehuset fekk dei liv i hjartet til Thore.\u00a0<\/p>\n<\/div>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-column is-layout-flow wp-block-column-is-layout-flow\" style=\"flex-basis:25%\">\n<p class=\"wp-block-paragraph\"><strong>Plassert i bilen<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">I dag er Thore Lie igjen frisk og rask. Han fekk operert inn ein s\u00e5kalla ICD, som er ein kombinert hjartestartar og pacemaker. \u2013 Eg har ogs\u00e5 g\u00e5tt til innkj\u00f8p av ein eigen hjartestartar. Ikkje for at eg kjem til \u00e5 trenge han sj\u00f8lv, men ein veit jo aldri kva som skjer med andre i flokken. Hjartestartaren er fast plassert i bilen, s\u00e5 d\u00e5 veit eg at han er i n\u00e6rleiken om eg er heime, p\u00e5 hytta eller p\u00e5 tur ein annan stad. Etter det som skjedde, har eg kursa meg i hjarteog lungeredning. Eg veit jo betre enn dei fleste kor viktig det kan vere. Hadde ikkje venene v\u00e5re hatt den kunnskapen dei fekk bruk for under juleselskapet i 2019, hadde dette aldri g\u00e5tt bra. Neste gong er det kanskje du som kan redda eit anna menneske. S\u00e5 eg oppfordrar alle til \u00e5 l\u00e6re seg hjarte- og lungeredning, jo f\u00f8r jo heller. PS! For ikkje s\u00e5 lenge sidan kom vesle Emil til verda. \u2013 Det er heilt fantastisk \u00e5 f\u00e5 oppleve rolla som morfar. Tenk kor heldig eg har vore.<\/p>\n<\/div>\n<\/div>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-columns is-layout-flex wp-container-core-columns-is-layout-8f761849 wp-block-columns-is-layout-flex\">\n<div class=\"wp-block-column is-layout-flow wp-block-column-is-layout-flow\"><\/div>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-column is-layout-flow wp-block-column-is-layout-flow\"><\/div>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-column is-layout-flow wp-block-column-is-layout-flow\"><\/div>\n<\/div>\n\n\n<p><iframe loading=\"lazy\" title=\"vimeo-player\" src=\"https:\/\/player.vimeo.com\/video\/873054927?h=ca342b7d33\" width=\"640\" height=\"360\" frameborder=\"0\" referrerpolicy=\"strict-origin-when-cross-origin\" allow=\"autoplay; fullscreen; picture-in-picture; clipboard-write; encrypted-media; web-share\"   allowfullscreen><\/iframe><\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Han kunne like gjerne ha sove heime i si eiga seng. Eller p\u00e5 hytta i Sirdal. Men denne laurdagen var han seint oppe, i hyggeleg f\u00f8rjuls-selskap med kollegar og ektefellar.&nbsp;Det redda truleg livet til Thore Lie. For ikkje berre var han med menneske han kjente godt. Venekrinsen talte ogs\u00e5 folk som arbeidde innan helsesektoren. Som [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":13168,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1104],"tags":[50,1986,44,1985,242],"class_list":["post-13081","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-hjerte","tag-hjertestarter","tag-hjertestarter-i-hjemmet","tag-livredning","tag-redd-liv","tag-reddet"],"amp_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/13081","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=13081"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/13081\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":13171,"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/13081\/revisions\/13171"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/13168"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=13081"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=13081"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.hjertevakten.no\/wp\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=13081"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}