Behandla 90 000 skadar etter ulykker i heimen i 2017

0
1422
Heimen er den vanlegaste skadestaden. I 2017 behandla norske sjukehus 90 000 ulykkesskadar der heimen var skadestad. Det viser ein rapport frå Folkehelseinstituttet.

Norske sjukehus behandla til saman 280 000 ulykkesskadar i 2017. Folkehelseinstituttet har berekna at meir enn 90 000 av ulykkesskadane skjedde i bustader eller bustadområde (sjå tabell).

Skadebildet i Norge tabell 8

Tabell: Talet på ulykkesskadar som vart behandla på norske sjukehus i 2017, fordelt etter skadestad. Kolonna «Observert» viser ulykker der skadestad er registrert. «Beregnet» viser ulykker der skadestad ikkje er registrert. Kjelde: Norsk pasientskaderegister og Folkehelseinstituttet/Skadebildet i Norge, tabell 8.

Annonse; Medisin/førstehjelpskap

– Ulykkene som fører til flest skadar, er heimeulykker, fallulykker og fritidsulykker. Desse ulykkene er dei vi veit minst om. Det er derfor behov for eit løft i registreringa av skadeopplysningar, fortel Eyvind Ohm, forskar ved Folkehelseinstituttet.

Ei stor utfordring med helsedata er den mangelfulle registreringa av opplysningar om dei ytre omstenda rundt skaden, blant anna årsak, skadestad og aktivitet. Per i dag manglar desse opplysningane for alle skadar som blir behandla av legevakt og fastlegar, og for halvparten av alle skadar som blir behandla på sjukehus. Denne manglande halvparten har Folkehelseinstituttet no berekna (sjå tabell).

Opplysningar om omstenda rundt dødsulykker er også mangelfullt registrert i Dødsårsaksregisteret, til dømes i kva grad dødsfallet har si årsak i ei yrkesulykke.

Samanliknar tal frå fleire register

Rapporten «Skadebildet i Norge» viser skadar i Noreg fordelt på ni temaområde: transport, arbeid, brann, drukning, forgifting, heim, fritid, utdanning og fall. Desse temaområda dekkjer til saman storparten av skadane i Noreg.

Annonse; Hjertestarter

Det finst ikkje eitt felles skaderegister i Noreg, men det er mange kjelder til skadestatistikk. Rapporten samanstiller derfor data frå offentlege helseregister og skaderegister i ulike sektorar. Målet med samanstillinga er å få betre oversyn over kva for typar skadar som oppstår.

Heimeulykker aukar kraftig med alder

Rapporten slår fast at heimeulykker aukar kraftig med alder, særleg blant kvinner. Ein stor del av heimeulykkene blant dei eldste skuldast fall. Bustad og bustadområde er den vanlegaste skadestaden for alle aldersgrupper, med unntak av dei under 20 år.

Annonse; Plagg for Brystopererte

Fallskadar utgjer nesten halvparten av alle ulykkesdødsfall, og rundt halvparten av alle ulykkesskadar behandla i spesialisthelsetenesta. Særleg to grupper toppar behandlingsstatistikken: tenåringar som pådreg seg fallskadar i fritidsaktivitetar og i trening, og eldre som fell i eller ved bustaden.

Fritidsulykker er også ein hyppig ulykkestype. Ulykkene skjer som oftast blant ungdom og unge vaksne, der det er ei klar overvekt av menn blant dei skadde.

Store samfunnsøkonomiske kostnadar

Skadar og ulykker medfører gjerne kostnadar i form av medisinsk og kirurgisk behandling, rehabilitering, tapt produksjon og dessutan utbetaling av ulike trygdeordningar.

– Skadar medfører store samfunnsøkonomiske kostnader. Samstundes har skadefeltet eit stort potensiale for førebygging. Å setje inn effektive førebyggingstiltak kan i mange tilfelle gi umiddelbar gevinst, seier Ohm.

Referanse

Ohm E, Madsen C, og Alver K. «Skadebildet i Norge – Fordeling etter utvalgte temaområder«. Rapport 2019: Oslo: Folkehelseinstituttet, 2019.Gå til toppen

Les artikkelen på FHI sine hjemmesider