6.4 C
Rosendal
torsdag, april 18, 2024

Buy now

spot_img
spot_img

Slit du med å svelgje tablettar? 

Ein tynn film på innsida av kinnet kan vera løysinga Slik kan små barn og ein del eldre få i seg medisin.

Folk tar helst legemiddel gjennom munnen. Intravenøst er meir effektivt, men det er ikkje noko folk kan driva med heime på badet.

Men det er ikkje alle som kan ta tablettar. Babyar, til dømes, og ein del eldre. Ved nokre sjukdommar, til dømes epilepsi og migrene, er heller ikkje tablettar så enkle å bruka, seier Julia Alopaeus.

Ho har forska på desse utfordringane ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Nokre pasientar kan òg ha mentale sperrer mot tablettar eller fysiske endringar i svelget.

For mer informasjon, og kjøp av Heartstart FRx – pakkepris

Treng meir allmenne metodar

Alopaeus er blant dei som forskar på ein ny måte å administrera legemiddel på, det som heiter mukoadhesiv film.

Mukoadhesiv vil seia at filmen festar seg til ei slimhinne.

I dette tilfellet slimhinna på innsida av kinnet. Der vert medisinen gradvis teken opp i blodbanen gjennom kinnveggen.

– Men dette feltet er såpass nytt at det ikkje finst retningslinjer for korleis vi skal analysera produkta vi utviklar. For å kunna avgjera om dei er gode nok, gjekk faktisk fyrste delen av forskinga mi ut på å utvikla metodar for å sjå på forskjellige karakteristika ved løysingane våre, seier Alopaeus.

Ein ting er å jobba med spesifikke problem der vi kan flikka på ulike eigenskapar for å få ting til å fungera, men vi treng meir allmenne metodar som vi kan bruka.

For mer informasjon, og kjøp av Blodtrykksmåler CBP111

Nokre filmar skal sitja i fleire timar

Dei har utvikla metodar for å testa om filmane passar i lag med cellene i kinnveggen.

Dei undersøkjer òg kor godt filmar basert på ulike kjemiske forbindelser festar seg i munnen. Forskarane har utvikla filmar basert på polymeren Soluplus, eit kommersielt produkt som eigentleg er laga for heilt andre formål.

Vidare testar vi kor fort filmane vert eroderte av spyttet i munnhola. Då plasserer vi ein film over humane slimproduserande celler og let simulert spytt renna over. Så ser vi kor lenge filmen varar.

Vi må kjenna erosjonsmotstanden sidan nokre filmar skal sitja i fleire timar. Då må vi vera sikre på at filmen ikkje er sliten vekk før legemidlet har kryssa slimhinna og kome inn i blodbanen. Men på den andre sida må han ikkje sitja så lenge at det vert irritasjon på vevet i munnen, så det må vi òg ta omsyn til.

Etter å ha utvikla gode metodar for testing, har Alopaeus og kollegane testa ulike filmbaserte løysingar. 

For mer informasjon, og kjøp av For mer informasjon, og kjøp av

Film med fleire lag med medisinar

Medisin på film er lettare å ta for folk som kan ha vanskar med å svelgja. Den kan takast utan vatn og er dermed enklare å ta om ein er på farten. 

Alopaeus trekkjer fram ein annan og kanskje vel så stor fordel filmane har framfor tablettar:

Tablettar vert produserte i standardiserte doseringar og er dermed ikkje så lette å tilpassa den enkelte pasient. Filmar er betydeleg lettare å tilverka i småskala slik at til dømes eit sjukehusapotek kan tilpassa doseringa til nøyaktig den mengda pasienten har behov for.

Alopaeus trekkjer òg fram andre moglegheiter, som ho ikkje har forska på sjølv, men som vert forska på andre stader og som ho reknar med vi vil sjå i framtida:

2D- og 3D-printing er ein moglegheit. Ein annan er film med fleire lag der kvart lag inneheld ulike medisinar. Dermed får vi ei alt-i-eitt-løysing for eldre og andre som brukar fleire legemiddel dagleg, seier ho.

Referanse:

Julia Alopaeus: Development and evaluation of oromucosal graft co-polymer-based film formulations as patient-centric dosage forms. Doktoravhandling ved Universitetet i Oslo, 2023. Samandrag.

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

spot_img