5.8 C
Rosendal
fredag, mars 29, 2024

Buy now

spot_img
spot_img

Fedme og diabetes type 2 kan påverka kva dose legemiddel pasienten skal ha

Endra aktivitet av enzym som er sentrale i omskaping av fleire legemiddel kan gje biverknader eller terapisvikt dersom dosen ikkje vert tilpassa.

Dei fleste legemiddel må omskapast eller brytast ned før dei blir fjerna frå kroppen. Det kallar vi legemiddelmetabolisme. Nedbrytinga av legemiddel skjer i hovudsak i levra, men òg i andre organ.

Dei viktigaste enzyma som er involverte i legemiddelmetabolisme, kallar vi for CYP-enzym. Under utprøving av nye legemiddel kan farmasøytisk industri fastslå kva dose vi treng å ta for å få ynskt effekt.

Det forklarar forskar Kine Eide Kvitne ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Problemet er at desse studiane som regel vert utførte på unge, friske personar. Men vi veit til dømes at hjå personar med enkelte sjukdomstilstandar er aktiviteten til fleire av CYP-enzyma endra. Dermed er det ikkje gitt at desse pasientane skal ha dei same dosane som friske.

Kva er eit enzym?

Enzym er stoff, hovudsakleg protein, som fremjar kjemiske prosessar i levande organismar utan at dei sjølve vert brukte opp i reaksjonen.

Sentrale enzym for legemiddelmetabolisme

Dei fleste legemiddel vert gjevne i såkalla aktiv form. Gjennom stoffskifte vert dei så omskapa til det forskarane kallar inaktive eller mindre aktive metabolittar før dei blir fjerna frå kroppen.

Desse kan gje biverknadar ved redusert enzymaktivitet sidan ein risikerer høg konsentrasjon av legemiddel i kroppen i forhold til dosen.

Nokre legemidlar er derimot inaktive når dei vert gjevne og må aktiverast i kroppen. For desse vil ein lågare enzymaktivitet medføra at pasienten har mindre evne til å omskapa legemidlet til aktiv metabolitt. Dermed risikerer ein å ikkje oppnå tilstrekkeleg effekt.

Kvitne har studert fire ulike CYP-enzym som spelar ein sentral rolle for metabolisme av legemiddel: CYP3A, CYP2C9, CYP2C19 og CYP1A2, for å finna ut om dei vert påverka av fedme hjå pasienten. 

I så fall må ein ta omsyn til det ved medisinering.

– CYP3A er det viktigaste av desse, men som regel er fleire CYP-enzym involvert i metabolismen av eit legemiddel. Og kroppen er så lur at dersom eitt av enzyma vert nedregulert, steppar ofte eit anna enzym inn og tek ansvar.

Alle forsøkspersonane var overvektige

For CYP2C9 og CYP1A2 var det inga påviseleg endring hjå pasientar med fedme, uansett om dei hadde diabetes type 2 eller ikkje.

– CYP3A og CYP2C19 hadde derimot redusert aktivitet i pasientar med fedme. Hadde pasientane i tillegg diabetes type 2, vart CYP2C19 ytterlegare redusert, seier Kvitne.

– Men alle forsøkspersonane med diabetes var òg overvektige. Så vi veit ikkje sikkert om CYP2C19-aktiviteten er lågare hjå normalvektige med diabetes type 2.

Genetiske faktorar spelar ei rolle

Mange av årsakssamanhengane som ligg bak funna, krev meir forsking for at dei skal bli avdekte.

Mange diabetikarar har til dømes feittlever. Levra er det viktigaste organet for nedbryting av legemiddel. Det kan difor henda at det er feittlevra som påverkar enzymaktiviteten og ikkje høgt blodsukker, forklarar ho.

Betennelse, som er vanleg både blant pasientar med fedme og med diabetes, påverkar òg CYP-enzyma. Spesielt CYP3A vert lett påverka av betennelse i kroppen. Det same gjer CYP2C19, men det ser ut til at det trengst meir betennelse for at aktiviteten til dette enzymet skal bli nedregulert.

Genetiske faktorar spelar òg ei rolle. Nokon pasientar har auka, redusert eller manglande enzymaktivitet på grunn av genetiske forskjellar.

Utfordringar med smale terapeutiske vindauge

Det er òg viktig å passa på pasientar som går ned i vekt sidan CYP-aktiviteten då gjerne tek seg opp att.

Alt dette handlar om å finna riktig dose av eit legemiddel for den enkelte pasienten, seier Kvitne.

Gjev vi for mykje, kan det gje forgiftingar, medan for lite ikkje gjev tilstrekkeleg effekt. Avstanden mellom desse to dosane – ikkje for mykje og ikkje for lite – kallar vi eit terapeutiske vindauge. Nokre legemiddel har ganske breie terapeutiske vindauge, slik at ein har meir å gå på. Det er fleire utfordringar knytt til legemiddel med smale terapeutiske vindauge.

Referanse:

Universitetet I Oslo

Kine Eide Kvitne mfl.: Intraindividual Variability in Absolute Bioavailability and Clearance of Midazolam in Healthy IndividualsClinical Pharmacokinetics, 2023. Doi.org/10.1007/s40262-023-01257-z

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

spot_img