9.1 C
Rosendal
mandag, april 29, 2024

Buy now

spot_img
spot_img

Kva skjer når kroppen får for lite energi?

Photo by Elisa Kennemer on Unsplash

Kroppen treng energi for å fungere på trening og i kvardagen. 

Kanskje har du følt eit sterkt behov for å kaste deg i sofaen etter enda ein arbeidsdag fordi kroppen kjennes tappa for energi. Men den halvtimen du hadde trengt for å samle energi til resten av dagen, finst det ikkje tid til i kalenderen.

Du tar deg heller ikkje tid til å lage det næringsrike måltidet kroppen trenger. Men hastar ut med eit eple i handa for å rekke både barnas og din eigen trening.


For mer informasjon om: Heartstart FRx – pakkepris


Symptom på låg energitilgjengelegheit

For lågt inntak av energi sett i forhold til kroppens totale energiforbruk er ein kjent og stor utfordring i idretten. Dette gjeld særleg dei som trenar ofte eller plutseleg meir enn før, seier forskar og klinisk ernæringsfysiolog på Norges idrettshøgskole (NIH), Kristin Lundanes Jonvik.

Om du kjenner at energien ikkje strekk til, kan det vere at du har låg energitilgjengelegheit.

Det betyr at du har eit lågare energiinntak enn energiforbruk i timane rundt trening. 

Det treng ikkje å bety at du er i ein total negativ energibalanse og dermed går ned i vekt. Du kan ha ei stabil vekt og likevel ha redusert energitilgjengelegheit rundt trening.


For mer informasjon om: AED trener med veske


Miste evna til å konsentrere seg

Kroppen treng energi både til daglege aktivitetar, men også til å fungere som normalt. Viss du et for lite i forhold til det du trenar, vil ikkje kroppen få nok energi til normal funksjon. Dette kan ha negative konsekvensar både for helse og prestasjon.

Da vil ikkje energien vere der når du faktisk treng den. Som etter ein lang arbeidsdag og du eigentleg vil ut å trene, seier Jonvik.

På kort sikt vil låg tilgang på energi svekke evna di til å konsentrere deg. Du vil også kunne merke at du mistar koordinasjon og styrke og føler deg slapp og sliten.

Du kan også merke at du brukar lengre tid på å hente deg inn igjen etter ei treningsøkt.

På lengre sikt kan låg energitilgjengelegheit ha meir alvorlege konsekvensar for heile kroppen.


For mer informasjon om: MiniAnne Plus -10 pakning


Ver obs om du er tett på ungdom

Det kan vere tap av skjelettmasse og muskelmasse, eit svekka immunforsvar, redusert forbrenning og auka risiko for hjarte- og karsjukdom.

Her bør du vere særleg obs om du har ungdom i heimen. Sidan dei har ein kropp i vekst og utvikling, er dei særleg utsett og konsekvensane er større.

Lenge har ein sett samanhengen mellom låg energitilgjengelegheit, menstruasjonsforstyrringar og svekka beinhelse hos jenter.

Men også for gutar kan låg energitilgjengelegheit føre til låge testosteronnivå og svekka beinhelse.

Det er i ungdomsåra ein puttar bein i banken. Det ein tapar av skjelettmasse i ungdommen, er det vanskeleg å hente igjen seinare i livet, fortel Jonvik.


For mer informasjon om: Førstehjelpskoffert Flexi


Vektreduksjon og auka treningsmengde

Jonvik jobbar også i Sunn idrett. Det er et satsningsområde i Norges idrettsforbund der kunnskap om energitilgjengelighet hos ungdom er eit viktig tema. Dei ser spesielt på tre årsakar til at unge utøvarar får i seg for lite energi.

  • Bevisst vektreduksjon for å prestere betre
  • Forstyrra spiseåtferd
  • Auka treningsmengde og ubevisst manglande auka matinntak

Kva kan du gjere for å unngå at du sjølv eller nokon rundt deg ut hamnar i denne «energibalanse-fella»?

Jonvik meiner du bør vere spesielt obs på overgangsfasar i livet.

Det kan gjelde både deg sjølv og andre. Ungdom skal bruke mykje energi på å utvikle kroppen. Plutseleg begynner dei å trene meir, går over frå leik til meir alvor, har meir å gjere på skulen eller flyttar heimanfrå. Da kan det vere lurt å vere obs på teikn og symptom på energitilgjengelegheit, seier Jonvik.

Ho nemner overgangen til småbarnslivet som eit eksempel på ein overgangsfase for vaksne.

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

-annonse-spot_img