12 C
Rosendal
lørdag, mai 4, 2024

Buy now

spot_img
spot_img

Desse yrka har høgst sjukefråvær i Norden

Photo by Angelo Abear on Unsplash

Det er manuelle yrke og service- og omsorgsyrke som har det høgaste sjukefråværet i alle landa. 

Årsakene til sjukefråvær er eit komplekst samspel mellom eiga helse og livsstil, yrke og forhold på arbeidsplassen. I tillegg kjem samfunnsfaktorar som den økonomiske utviklinga i landet og trygdesystemet.

Det er derfor vanskeleg å måle nøyaktig kor stor del av sjukefråværet som kjem av arbeidet. Tidlegare studiar tyder på at ein stor del av sjukefråværet kjem nettopp av arbeidsfaktorar.

Ved å samanlikne sjukefråværet i ulike yrke mellom ulike land kan vi sjå kva yrke som har relativt høgt sjukefråværsnivå i fleire land. For desse yrka er det større sannsyn at sjukefråværet kjem av yrkesrelaterte faktorar, seier Karina Undem, som er forskar på Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) og har bidrege i studien.


For mer informasjon om: Heartstart HS1 pakke


Nordisk modell for yrkeskader

Forskarane har identifisert yrke med høg førekomst av langvarig sjukefråvær hos nordiske tilsette og utforska likskapar og forskjellar mellom landa.

Ved å bruke data frå nasjonale register på 25 til 59 år gamle lønnstakarar frå Danmark, Finland, Noreg og Sverige, rekna dei ut den kjønns- og yrkesspesifikke førekomsten av sjukefråvær totalt og sjukefråvær på grunn av muskel- og skjelettsjukdommar og psykiske lidingar.

For betre å kunne samanlikne yrke mellom landa utvikla forskarane ein nordisk modell for yrkeskodar.


For mer informasjon om: Sett med Little Anne og AED Trainer


Høgare sjukefråvær i Noreg

Vi såg at sjukefråværet generelt var høgare i Noreg enn i dei andre landa. Noreg hadde også flest yrkesgrupper der sjukefråværet var signifikant høgare enn gjennomsnittsnivået i landet, forklarer Undem.

Forskarane fann den same trenden då dei såg på sjukefråvær på grunn av muskel- og skjelettplager. For sjukefråvær som kjem av psykiske lidingar og plager, var det Sverige som hadde det høgaste nivået.

Då vi rangerte yrka etter sjukefråværsnivået, fann vi forskjellar mellom landa i kva yrke som hadde det høgaste sjukefråværet. I alle landa var likevel trenden at manuelle yrke, og til dels service- og omsorgsyrke, var yrka med høgast sjukefråvær, seier Undem.

Sjukefråvær som kjem av muskelskjelettplager, var meir vanleg i manuelle yrke.

Men psykiske lidingar var meir vanleg i service- og omsorgsyrke. Dette var gjennomgåande for alle landa.


For mer informasjon om: Førstehjelpskoffert Flex


Stort potensial for å redusere

Vidare var det var nokre yrke som hadde høgt sjukefråvær i alle landa. Til dømes var taktekkarar på topp fem høgaste yrke i tre av fire land blant menn.

Blant kvinner var buss- og sporvognsførarar på topp fem av yrka med høgaste sjukefråvær i alle fire land. Undem forklarer at dette er yrke med høgt sjukefråvær i alle landa trass i forskjellar i arbeidsmarknaden, trygdesystema og yrkesalderssamansetning i landa.

Dermed kan vi konkludere med at dette er yrke der det sannsynlegvis er stort potensial for arbeidsplassretta tiltak for å redusere sjukefråværet.

Ho understrekar vidare at slike samanlikningar som er gjorde i studien, vil gi forskarar og styresmaktene ei betre forståing av kor mykje av sjukefråværet som er knytt til arbeidet.

– Vi meiner studien bidreg til å gi eit betre grunnlag for å setje i verk målretta tiltak for å førebyggje sjukefråvær og fråfall frå arbeid, seier Undem.


Referanse:

Statens arbeidsmiljøinstitutt STAMI

Svetlana Solovieva,  Karina Undem mfl.:  Utilizing a Nordic Crosswalk for Occupational Coding in an Analysis on Occupation-Specific Prolonged Sickness Absence among 7 Million Employees in Denmark, Finland, Norway and Sweden.  International Journal of Environmental Research and Public Health, 2022. Doi.org/10.3390/ijerph192315674 

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

-annonse-spot_img