9.7 C
Rosendal
lørdag, april 27, 2024

Buy now

spot_img
spot_img

3D-utskrift kan gje kvar pasient spesialtilpassa tablettar 

Photo by Minku Kang on Unsplash

Når vi kjøper eller får utlevert medisinar på apoteket, er det ofte etter «one size fits all»-prinsippet. Alle får den same, serieproduserte tabletten.

Men vi menneske er ikkje alle like. Vi er barn, vi er unge og gamle, vi er store og små. Vi har individuelle forskjellar i storleik og stoffskifte. Derfor har vi òg ulike dosebehov, forklarar universitetslektor Bjarke Strøm Larsen ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Ulike legemiddel har heller ikkje det same terapeutiske vindauga, som altså er den mengda som er stor nok til å gje ynskt effekt, men ikkje så stor at det gjev biverknadar.


For mer informasjon om: Lille Anne 6 pakning


Ein plastliknande spagettistreng

Derfor arbeider ein del farmasøytiske forskarar no med ulike måtar å laga persontilpassa medisin på. Ein av desse er 3D-utskrift av tablettar med legemiddel.

I prinsippet kan ein få medisinen sin skriven ut på apotek eller sjukehusapotek, etter instruksjon frå lege, sjukehus eller andre behandlarar, seier Strøm Larsen, som sjølv forskar på dette. Han brukar ein heilt vanleg 3D-skrivar som ein kan få kjøpt i butikken til heimebruk.

Eg reiser til København og førebur «blekket» til skrivaren, ein smelta miks av eit legemiddel og ein polymer som gjev eit filament, ein plastliknande tråd eller spagettistreng, som passar til skrivaren. Tilbake i Oslo køyrer eg miksen gjennom skrivaren og prøver meg fram med innstillingane for å få skrivaren til å gjera som eg vil.


For mer informasjon om: Heartstart pakke


Undersøkte mikrostruktur med CT-skanning

Strøm Larsen forskar på tablettar forma som bikubemønster. I forhold til volumet har desse tablettane ei svært stor overflate som det aktive legemiddelet kan frigjerast frå. Samstundes er dei sterke nok til å behalda forma si til jobben er gjort.

Han testa tablettane med legemiddelet Prednisolon, som er betennelsesdempande samstundes som det undertrykkjer immunforsvaret. For dette legemiddelet er det i ein del samanhengar ynskjeleg å styra dosen tett. Alle pasientar og sjukdommar skal ikkje nødvendigvis ha same dose. 

Forskarane fekk tilgang til mikro-CT-utstyr som tannlegane brukar til å finna hol i tenner og tannmateriale. 

Vi brukte det til å undersøkja kva som skjedde med mikrostrukturen til tabletten når forholdet mellom legemiddel og polymer endra seg eller viss molekylvekta til polymeren endre seg.


For mer informasjon om: Personlig sikkerhetspakke 3


Må syta for robuste prosedyrar

Når ein skriv ut noko på ein 3D-skrivar, vert mange lag lagt oppå kvarandre, tett i tett. Når mengda av Prednisolon auka, vart desse laga smelta fastare saman. Tabletten vart òg meir plastisk, altså formbar. Han vart òg meir porøs på mikronivå, noko vi ikkje kunne sjå med det blotte auga.

Ein meir porøs tablett slepper til meir vatn, som påverkar kor fort legemiddelet vert frigjort.

Dermed veit vi at eigenskapane til tabletten endrar seg når mengda av legemiddel endrar seg. Det er avgjerande når denne teknologien skal takast i bruk i framtida. Vi må syta for at prosedyrane under produksjon er robuste nok til at legemiddeltryggleiken vert teken vare på.


For mer informasjon om: HLR brett, hjertebrett


Ein million tablettar med små variasjonar

Dagens serieproduserte legemiddel vert produserte i parti der forholda er strengt kontrollert. Det er desse partia det vert vist til når det står «Batch No.» ved sida av haldbarheitsdatoen på pakninga til legemiddelet ditt.

Kvar batch kan innehalda kanskje ein million tablettar. Eit lite utval av desse vert kontrollerte, og dersom dei er OK, reknar ein med at heile partiet er OK. Slike kontrollar er nøye regulerte, forklarar Strøm Larsen.

Men med persontilpassa medisin kan vi i prinsippet ha ein million ulike tablettar med kanskje ørsmå variasjonar i staden for ein million like. Korleis skal vi då utøva kontrollen? Det må vi òg finna ei løysing på.


Referanse:

Universitetet i Oslo

Strøm Larsen mfl.: Impact of Drug Load and Polymer Molecular Weight on the 3D Microstructure of Printed TabletsEuropean Journal of Pharmaceutical Sciences, 2023. Doi.org/10.1016/j.ejps.2023.106619

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

-annonse-spot_img