Pasientmedverknaden ved akutt hjarteinfarkt. 

Ved akutt hjarteinfarkt står det om minutt. Pasientmedverknad er ein lovfesta rett, men ikkje alltid mogleg å gjennomføre. Elise K. Bårdsgjerde har forska på medverknad i ulike fasar av pasientforløpet – frå pasientar, sjukepleiarar og legar sitt perspektiv.

– Pasientmedverknad vert ofte nytta som eit politisk honnørord, men mange faktorar påverkar korleis det fungerar i praksis.

Elise K. Bårdsgjerde, stipendiat ved Institutt for helsevitskap i Ålesund, disputerer for doktorgraden 10. mars. Ho har forska på medverknad i ulike fasar av pasientforløpet ved hjarteinfarkt, frå perspektivet til pasientar, sjukepleierar og legar.

Studien viser at pasientmedverknad artar seg ulikt i forskjellige situasjonar, seier ho.  – Det er ikkje alltid det kan vege like tungt.

For mer informasjon, og kjøp av Mini Anne Plus

Behandling framfor medverknad i akutt fase

Kvart år får meir enn 12 000 nordmenn hjarteinfarkt. Det kjem akutt og må behandlast raskt med medikamentell behandling og såkalla utblokking, som er eit inngrep.

– Behandlinga med utblokking blir gjort ved ni sjukehus i Noreg, og inneber ofte transportering med luftambulanse, seier Bårdsgjerde.

– I dei alvorlegaste tilfella bør du få behandling innan 120 minutt.

Intervjustudia ho har gjort viser at når kvart minutt gjeld, erfarte både pasientar og helsepersonell at behovet for pasientmedverknad var redusert. Når det hastar og situasjonen kan vere livstruande, må behandling prioriterast framfor medverknad.

– Pasientane blei frakta med helikopter for å kome raskt til sjukehus, men fortalde at dei fekk kortfatta og presis informasjon i dei dramatiske minutta.

For mer informasjon, og kjøp av Hjerterytmesensoren ECG 247

God informasjon under behandlinga

På sjukehuset, under utblokkinga, er pasientane vakne. Helsepersonell ga informasjon undervegs om kva dei gjorde, kva dei såg på røntgen og kva behandling dei gav. I den fasen viser studien at pasientane opplevde særs god informasjon og involvering.

Lite kontinuitet hindrar medverknad

Seinare i pasientforløpet, i ein meir stabil fase, fann Bårdsgjerde at mangel på kontinuitet og koordinering hindra pasientmedverknad.

– Om lag 50 prosent opplever å bli flytta i løpet av behandlinga, fordi få sjukehus gjer utblokking. Når den akutte behandlinga er gjennomført, blir ein enten utskriven eller flytta til lokalsjukehus.

Dette medfører at pasientar ofte møter ulike helsepersonell, og kan oppleve helsetenestene som fragmenterte. I studien kjem det fram at konsekvensen då kunne bli mangelfull informasjon om helse, medisin og rehabilitering.

I denne fasen hindra rammefaktorane pasientmedverknad. Bårdsgjerde har definert eit sett med rammefaktorar. Desse er lovverk, kliniske retningslinjer, tid, ressursar, helsekompetanse og organisering av helsetenestene.

– Det er behov for å styrke samarbeidet mellom dei ulike sjukehusa, og helsepersonellet ønska sjekklister for pasientinformasjon, fortel Bårdsgjerde.

Pasientar og helsepersonell kan ha ulike vurderingar.  Helsepersonell formidla at sjekklister kunne bidra til styrka oppfølging og kontinuitet. Pasientane på si side formidla at det kanskje ikkje var rett tidspunkt for å mota mykje informasjon medan dei var innlagde. Ein av dei sa i intervjuet: «Om dei hadde gitt meg mykje informasjon, veit eg ikkje om eg hadde fått det med meg».

For mer informasjon, og kjøp av Resusci Anne QCPR AED AW

Rehabilitering aukar pasientane si forståing

Pasientar blir utskrivne relativt raskt frå sjukehus, noko som kan ha betydning for kor mykje informasjon dei har fått med seg.

– Neste skritt i behandlinga er tilbod om hjarterehabilitering på lokalsjukehuset. Pasientane fortalte at dei fekk meir kunnskap om eiga helse igjennom informasjon og deltaking.

Når dei fekk meir kunnskap, fann Bårdsgjerde at dei vart dei betre rusta til å ta ansvar og gode val for eiga helse.  Dei fekk styrka helsekompetanse. Helsepersonell meinte at pasientmedverknad er sentralt i denne fasen. Å gjere livsstilsendringar krev engasjerte og involverte pasientar.  

For mer informasjon, og kjøp av HLR brett, hjertebrett

Betre samhandling og rehabilitering ein nøkkelfaktor

 Betre samhandling mellom sjukehus, saman med satsinga på hjarterehabilitering og auka helsekompetanse, kan sjå ut som vegen å gå for å betre helsetenestene. Det er tydeleg at den nært føreståande doktoranden er svært engasjert i det ho forskar på, og ho er ikkje er ferdig med temaet.

– Det motiverer meg å sjå at helseføretaket, helsepersonell og undervisarar lyttar til forskinga allereie. Eg trur eg formidlar viktig kunnskap om pasientmedverknad som kan styrke helsetenestene, og kjem til å forske vidare.

Prosjektet er eit samarbeid mellom NTNU, Helse Møre og Romsdal og Helse Midt Norge. Møre og Romsdal Fylkeskommune står bak finansieringa.

Related articles

spot_img

Share article

spot_img

Siste nytt

spot_img
spot_img