1.4 C
Rosendal
tirsdag, desember 10, 2024

Buy now

spot_img
spot_img

Når kan du starte med trening etter sjukdom? 

Photo by Gabin Vallet on Unsplash

Du vaknar om morgonen og kjenner: «der var halsen sår igjen».

Skal du da ta den treningsøkta du hadde planlagt? Eller bør du ta ein heilt roleg dag og vente med trening til alle symptom er borte?

Eit grovt skilje du kan bruke, er om symptoma er over eller under kragen, seier idrettslege og forskar på Norges idrettshøgskole (NIH), Christine Holm Moseid.


For mer informasjon om: Heartstart FRx


Symptom i halsen?

Saman med Nils Holm Moseid gir ho svar på spørsmåla svært mange googlar når den vonde halsen eller feberen igjen kjem snikande.

Dei er begge idrettslegar og forskar ved Senter for idrettsskadeforskning på NIH.

Moseid meiner kor mange symptom du får og om dei er fleire plassar på kroppen, bør vere med på å bestemme om du bør trene eller ikkje.

Får du meir generelle symptom med feber, hovudpine, muskelverk og/eller frostanfall, er det kanskje ikkje så lurt å trene. Men er det berre lokale symptom, som litt tett nase eller vondt i halsen, og du har hatt det eit par dagar, er det ikkje så farleg å vere i aktivitet. Har du symptom over kragen, så er det sannsynlegvis ikkje alvorleg, og greitt å trene roleg, meiner Moseid.

Om symptoma er i brystkassa derimot, bør du tenke annleis.

Da bør du vere meir forsiktig og vente med trening.


For mer informasjon om: Lille Anne 6 pakning


Risikerer at sjukdomen varer lenger

Men kva kan gå gale om ein vel å trene og ikkje tek det med ro? At topputøvarar er redde for gå glipp av neste konkurranse og øydelegge resten av sesongen, er forståeleg. Men kva med vanlege mosjonistar?

Det er nok ikkje så veldig mykje som kan gå galt, seier Nils Holm Moseid.

Han nemner at nokre virusinfeksjonar med virus som finst i luftvegane, kan gje alvorlege plager. Nokre virus kan gje immunreaksjonar i hjarteposen.

Men ein har aldri klart å finne ut noko sikkert om dette kan forverre seg av trening eller ikkje. Spørsmålet er om det er infeksjonen eller viruset i seg sjølv som gir desse plagene, seier Moseid og legg til:

Det ein fyrst og fremst risikerer, er at infeksjonen blir meir langvarig og at det er vanskelegare å bli kvitt han.

Moseid råder deg til å tenkje gjennom kvifor du vil trene og kva du vil ha ut av økta.

Trening er ein nedbrytande prosess i kroppen, som du eigentleg ynskjer for å bli sterkare, raskare eller betre. Når du har ein infeksjon, bryt du også ned proteina i kroppen for å svare på det stresset ein infeksjon er. Så viss du går ut for å trene med ein infeksjon, har du eit veldig dårleg utgangspunkt for å få noko særleg godt utbytte av treninga og til å restituere etter økta.

Men etter fleire dagar på sofaen utan aktivitet kan ei økt vere viktig mentalt for mange.

Det er ein viktig bit av det å trene, så klart. Da kan det vere fint å kome i gang med å gå ein tur eller roleg treningsøkt.


For mer informasjon om: Posture Medic


Start med roleg trening

Dei er tydelege på at val av type økt er viktig når ein skal starte på nytt etter sjukdom. Vent med høg puls til du kjenner korleis kroppen reagerer, er rådet frå ekspertane.

Her er dei fire hugsereglane deira for når du bør du vente og når det er greitt å begynne med trening etter sjukdom.

1. Vêr forsiktig med trening ved feber. Vent til 24 timar etter at feberen har gitt seg.

2. Vent også 24 timar etter oppkast og diaré.

3. Om symptoma er over kragen og for eksempel berre i halsen, er det som regel greitt å trene roleg. Vêr meir forsiktig om symptoma sit i brystkassa.

4. Sørg for at prosessen med sjukdomsreperasjon er på hell. Så kan du bruke kreftene på å bygge deg opp igjen med trening etterpå. Start gjerne med trening annankvar dag om du har vore utan trening over lengre tid.

5. Lytt til kroppen. Kroppen er ganske smart. Han stoppar deg om du ikkje er klar for trening. For dei aller fleste vil han stoppe deg før du klarer å gjere noko alvorleg.

Til slutt vil legane presisere at trening gjer deg friskare.

Trening beskyttar mot all sjukdom. Trente folk er friskare enn normal befolkninga, seier Nils Holm Moseid.


For mer informasjon om: Hjertestarter – trener


Podcast: Om trening etter sjukdom

I denne episoden av NIH-podden kan du høyre Christine Holm Moseid og Nils Holm Moseid. Der gir dei svar på spørsmåla svært mange googlar når den vonde halsen eller feberen igjen kjem snikande.

Høyr heile episoden her.


Kjelde:

  • Norges idrettshøgskole
spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

-annonse-spot_img