Bærekraftig Radiofarmasi: Et Nødvendig Steg Mot Grønn Behandling 

Photo by Diane Serik on Unsplash

Ny forskning indikerer at radiofarmasi, en behandling med radioaktive legemidler, må utvikles med bærekraft i fokus. Med økende bruk av radioaktive legemidler, er det avgjørende å implementere prinsipper for grønn kjemi for å minimere miljøskader.

Inntil nyleg var radiofarmasi – behandling med radioaktive legemiddel – ein nisjeaktivitet som i hovudsak fann stad på sjukehus.

Men i det siste har vi hatt suksess med visse typar for terapi òg, ikkje berre diagnostisering som tidlegare, fortel fyrsteamanuensis Verena Pichler ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Så no opplever vi ein sterk vekst innan feltet, med etablering av mange ulike nye farmasøytiske selskap.

For mer informasjon om: Heartstart hs1

Redusert til ni prinsipp

Pichler har alt identifisert ei utfordring å ta tak i for radiofarmasien: å gjera han berekraftig.

«Grøn kjemi» vart for alvor eit tema på slutten av 1990-talet.  

Grøn kjemi handlar om å lage dei stoffa og produkta vi treng, men på ein tryggare og meir berekraftig måte. Grøn kjemi skader miljøet minst mogleg. 

Målet er å bruke mindre energi, skape mindre avfall og unngå farlege stoff. 

Pichler har latt seg inspirera av Paul Anastas, som saman med John C. Warner i 1998 formulerte tolv prinsipp for grøn kjemi. 

Med utgangspunkt i desse tolv prinsippa har vi vore fleire som har arbeidd med å tilpassa dei til radiofarmasien. Vi har redusert talet til ni, seier Pichler.

Det er nokre forskjellar mellom radiofarmasi og kjemi som gjer at vi ikkje utan vidare kan bruka kjemiprinsippa på radiofarmasien.

For mer informasjon om: Advanced Venipuncture Arm – Light

Påverknad av transport

Som eitt døme nemner Pichler løysemiddel.

Når eit legemiddelfirma masseproduserer eit legemiddel, har det mykje å seia om ein brukar eit bionedbrytbart løysemiddel, sidan det er snakk om store volum.

Men innan radiofarmasien behandlar vi kanskje berre ein eller to pasientar om gongen. Dermed har løysemiddelet mykje mindre å seia i forhold. Det er andre ting som har mykje større innverknad på om bruken er berekraftig.

Eitt av områda som har meir påverknad innan radiofarmasien er transporten.

For mer informasjon om: Hjertebrett

Bevisst på kunstig intelligens

I radiofarmasien er det radioaktive substansar vi har med å gjera. Vi ynskjer ikkje å utsetja pasienten for meir stråling enn nødvendig, seier Pichler.

Ho seier at den korte halveringstida gjer at ein ikkje kan produsera legemidla i eit anna land, som i tradisjonell farmasøytisk industri.  Radiofarmasi treng ein generator. Den må flyttast raskt frå reaktor til pasient, slik at medisinen framleis verkar. 

Kunstig intelligens er eit anna område å vera bevisst på.

KI opnar på den eine sida store moglegheiter i jakta på nye verkestoff, både innan radiofarmasi og innan farmasi generelt. Samstundes veit vi at KI er eit energisluk, så her må fordelar og ulemper vegast opp mot kvarandre.

For mer informasjon om: Lommemaske med oksygenventil og etui

Ut av startgropa

Pichler ventar ikkje at dei foreslegne prinsippa hennar skal takast i bruk på direkten.

Ho ynskjer fyrst og fremst å starta diskusjonen og vekkja merksemda om berekraftperspektivet hjå dei som jobbar innan radiofarmasi.

Hugs at kjemien vart hundrevis av år gammal før ein fekk prinsippa om grøn kjemi. Prinsipp for grøn radiofarmasi kan vi få med oss så å seia ut av startgropa, seier Pichler.


Referanse:

Universitetet i Oslo

Verena Pichler mfl.: How green are radiopharmaceutical sciences? Nuclear Medicine and Biology, 2025. Doi.org/10.1016/j.nucmedbio.2025.109010

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

-annonse-spot_img