Redda livet til faren heime på badegolvet

Tekst: Vidar Alfarnes. Foto privat

Trond Raymond Øren harhatt stor glede av å vere med i Nordhordland Røde Kors. For to år sidan fekk han ekstra god nytte av livrednings-kunnskapane sine, då far hans kollapsa på badet heime.

Eg hugsar det framleis som om det var i går. Det er ikkje til å legge skjul på at det var eit sett av tilfeldige omstende som gjorde at vi kom i posisjon til å redde Kurt.

Eg var nemleg sjukmeldt i ein periode, og budde i same huset som han. Eg låg og sov då søstera mi vekte meg, og spurte om eg kunne hente dottera hennar på skulen. Ho var blitt sjuk.

Det gjorde eg, og då eg kom heimatt høyrde eg ulydar frå baderommet.

Døra var låst, men eg klarte på eit vis å få ho opp. Og der låg far vår. Død, fortel 34-åringen.

Starta omgåande

Det var sikkert puls der og då, sidan det var surklelydar. Men pusten var vekke.

Eg fekk han over på rygg, ropte på søstera mi og bad ho ringa 113. Kontakt vart oppretta, og eg forklarte at eg var med i Røde Kors og hadde kurs i hjarte- og lungeredning, og at eg alt var i gong med kompresjonar og innblåsingar.

Dei sende omgåande ein ambulanse frå Knarvik, som ligg ei mil unna oss på Kalnes. Ambulansen brukte truleg ikkje meir enn kring sju minuttar før han var framme. For Trond Raymond og søstera kjentes det som ein evighet.

– Men heldigvis var dei snart inne i huset. Eg heldt fram heilt til dei tok meg på skuldra og sa at dei klare til å ta over.

Stod om sekundar

Hjartestartar vart kopla til, og etter fire støyt vakna Kurt på badegolvet. Sjølvsagt sterkt forkommen, men i live.

Han vart frakta direkte til Haukeland sjukehus, der han vart liggjande i åtte dagar.

– På sjukehuset seier dei at han truleg har vore død i 28 minutt. Alt over 20 minutt utan hjarte- og lungeredning er mest utan unnatak den sikre død, seier

Trond Raymond, som etter denne opplevinga har vorte instruktør i hjarte- og lungeredning.

Aktiv klubb

Eg har vore med i Nordhordland Røde Kors i ni år, og det har vore veldig givande. Det var ein kamerat som fekk meg med første gongen. Vi snakkar om ein stor og særs aktiv klubb, og eg trivest godt saman med desse folka. Rett som det er dreg vi på fjellturar i lag, og nett no planlegg vi opplegget kring Knarvik-mila. Det er eit svært idrettsarrangement som samlar tusenvis av deltakarar, og der Røde Kors har ansvar for at det aldri skal vera meir enn fem minutts responstid om noko alvorleg skjer ute i løypene, fortel mannen som til dagleg arbeidar på ein Kiwi-butikk i Knarvik.

Ny operasjon

At Kurt skulle få hjarteproblem var ikkje direkte overraskande. Han hadde også tidlegare hatt eit lettare infarkt, og i 2013 fekk han dessutan operert inn ein mekanisk venstre hjarteklaff. Etter den alvorlege hendinga for to år sidan, fekk han også ein ICD-hjartestartar.

– Hadde ikkje Trond Raymond funne meg der og då, hadde eg ikkje trengt tenke på noko meir. Då ville eg jo ha vore død, konkluderar han i dag.

Sjølv om han vart redda, ogdenne konkrete hendinga ikkje førte varige mén med seg, slit han ganske mykje med helsa.

– Eg har store problem med hjarteflimmer. I november skal eg inn på sjukehuset att, for å gjera ein operasjon.

Forhåpentleg vil denne ablasjons- behandlinga gjera kvardagen min litt lettare etterpå, seier Kurt Øren.

Bli livreddar

Sonen Trond Raymond er glad han kunne vera til hjelp, og takksam for at han hadde

fått opplæring gjennom det lokale Røde Kors-laget.

Eg vil gjerne nytte sjansen til å reklamere litt for hjarte- og lungeredning.

Du veit aldri om du er den neste som hamnar i ein situasjon slik eg gjorde for to år sidan.

Ta kontakt med lokallaget ditt, melde frå at du er interessert i å lære livredning, og nokon vil rimeleg kjapt ta kontakt med deg og informere om neste kurs.

Det kjem du ikkje til å angre på, forsikrar Trond Raymond Øren, sjølv Røde Kors-medlem og livreddar.

Hvorfor ikke kjøpe sin egen hjertestarter

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

-annonse-spot_img