Oksygenmålarar: – Kan redda liv

0
298

Leverandørar av oksygenmålarar til heimebruk mangedobla salet då koronapandemien slo inn som verst. Eit lite apparat som blir sett på fingeren, kan oppdage alvorleg forverring av sjukdommen, meiner kommuneoverlege.

Morten Riis-Gjertsen vart som mange andre smitta av korona under ferie i Austerrike. Då han kom heim vart mange hans følgje sjuke. Morten vart dårlegast av alle.

Eg skalv heile tida, hadde høg feber og tidvis pustevanskar.

Som ein del av eit prosjekt i kommunen fekk han tildelt ein oksygenmålar han skulle ha heime, såkalla pulsoksymeter. I tillegg til eit termometer.

Apparata var kopla til ein app på telefonen som sende både kroppstemperatur og surstoffverdiane mine til helsepersonell. 

Morten var i periodar så sliten at ein tur ned trappa gjorde han heilt utmatta. Då oksygennivået på apparatet viste 88 prosent, vart han send til sjukehus.

Han var fleire gonger innom sjukehuset, men vart ikkje lagt inn. Teknologien gjorde at han sjølv og fagfolka kunne følgje helsetilstanden. Det avgrensa smittefaren, og vart mindre belastande for sjukehuset. Og større tryggleik for Morten.

Eg er sikker på at slike oksygenmålarar kan redda liv for koronapasientar. Ein kan følgje situasjonen og tidleg oppdage om oksygennivået i blodet er for lågt, meiner Riis-Gjertsen.

Verdens mest solgte hjertestarter

mangedobla salet av oksygenmålarar

Morten fekk det medisinske utstyret av helsevesenet, men under korona har svært mange verda over sikra seg oksygenmålarar, òg til heimebruk.

Då pandemien slo inn i mars mangedobla vi salet av måleren.  

Det seier Sigurd Brattetveit. I Hjertevakten Norge.

Vi har fått mange tilbakemeldingar om at dette gir auka tryggleik for folk, særleg i risikogruppene. Fastlegar stadfestar dette.

Brukes til å løse slim i lungene ved pustebesvær

Max ein pr. kunde

Det finst er mange nettfirma som sel pulsoksymeter. Dei fleste utanlandske. Mange har framleis ventetid på produktet, og ein del har avgrensingar på maks eitt apparat pr. kunde. 

Apotek 1 er ein av dei store apotekkjedene her heime som sel produktet til helseinstitusjonar og private. Kommunikasjonsrådgivar Silje Ensrud stadfestar utviklinga.

Normalt er dette ei vare vi har i sortimentet, men etter korona har etterspørselen langt overgått tilgangen.

Se vårt utvalg

Fornuftig for dei som er smitta

Morten Riis-Gjertsen er glad for at han hadde tilsyn av helsepersonell då han brukte oksymeter.

Eg er litt skeptisk til om det er lurt å bruke dette utan tilsyn. For meg var det svært viktig med oppfølging i tillegg.

Kommuneoverlege i Kristiansand, Dagfinn Haar, forstår godt at folk sikrar seg oksymeter. Han seier kommunen sjølv har kjøpt inn dusinvis av desse til bruk i heimesjukepleia og på institusjonar.

Eg er veldig positiv til at folk med koronasmitte bruker desse apparata heime. Det gjer at ein i alvorlege tilfelle kan komme under nødvendig sjukehusbehandling i tide.

For ein del koronapasientar skjer det ei plutseleg forverring etter ei vekes tid og oksygenmetningen fell raskt. 

Då er det veldig lurt med dette vesle apparatet som enkelt og greitt viser auke i oksygenmetningen. Sidan eg er eldre og i risikogruppa sjølv, vil eg òg skaffe meg eit til å ha heime, seier kommuneoverlegen.


Oksygenmetning


Noen utvalgte varer