9.7 C
Rosendal
lørdag, april 27, 2024

Buy now

spot_img
spot_img

Stabil tilgang på hjertemedisiner i Norge under pandemien

Photo by Nastya Dulhiier on Unsplash

Kvelden var mørk. I matbutikkane var køane lange. Mange var utrygge, ein del var redde. 12. mars 2020 var kanskje mest av alt fylt av uvisse. Kor lenge skal dette vara? Korleis blir livet når samfunnet vert stengt ned?

Ei stor gruppe som hadde ekstra bekymringar i tillegg til dei som alle andre hadde, var dei som gjekk på livsviktige legemiddel. 

Personar med kroniske sjukdommar får utlevert reseptmedisinar tilsvarande forbruket i tre månader, så dei fleste hadde ikkje meir enn dette i heimen ved nedstenginga. Ville dei framleis ha tilgang på det dei hadde behov for?

Uthenting av legemiddel følgjer eit fast mønster gjennom året. Det er ein markert topp i desember, når mange hentar ut medisinar medan frikortet deira enno gjeld. Så er det ei nokolunde jamn stigning frå januar igjen, med ein liten dupp om sommaren, seier professor Hedvig Nordeng ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.


For mer informasjon om: Heartstart FRx – pakkepris


Uråd å samanlikna direkte

– For legemiddel for hjarte-/karsjukdomar, som vi har sett på, er det ein utypisk topp i mars 2020 då den fyrste nedstenginga starta. Det er tydeleg at mange har sytt for å sikra seg eit lager.

Hjartepasientane kunne sjølvsagt ikkje vita det då, men dei hadde ikkje trengt å bekymra seg. Nordeng høyrer til ei gruppe forskarar som har funne ut at tilgangen på hjarte-/karmedisinar i Noreg ikkje vart nemneverdig påverka av eit nedstengd samfunn.

– Studiar frå andre land har sprikt. Nokre har rapportert om at det har vore vanskar med nokre hjarte-/karmedisinar, andre at tilgangen har vore som normal under pandemien. Men forskarane bak desse studiane har brukt ulike metodar og materiale som gjer det uråd å gjera direkte samanlikningar, seier Nordeng.

For mer informasjon om: Førstehjelpsplakater/plansjer


Starten på pandemien

Ingen av dei er heller gjorde i Noreg. Det vil sjølvsagt ha noko å seia korleis samfunnet møtte pandemien og kva restriksjonar som vart sette inn. Sverige valde som kjent ei anna tilnærming enn oss, slik at ei direkte samanlikning vert vanskeleg.

Nordeng og kollegaane har samla data frå ulike norske helseregister for heile fire millionar nordmenn. Av desse hadde 17 prosent ein hjarte-/karsjukdom ved starten av pandemien. Dataa utsette forskarane for ein såkalla avbroten tidsserieanalyse.

I denne samanhengen betyr avbroten at det er eit punkt i tidsserien kor me samanlikna før- og ettertilstand. I tilfellet vårt er dette punktet altså starten på pandemien, forklarar Nordeng.

For mer informasjon om: Resusci Anne QCPR AED hel kropp m/ trillekoffert


Digitale verktøy klare til bruk

Med unntak av det store hoppet akkurat då landet stengte ned, fann altså ikkje forskarane nemneverdige endringar i bruken av hjartemedisinar. 

Det er nyttig kunnskap før ein eventuell ny pandemi, både for Noreg og for andre land med mange hjarte-/karpasientar.

Vi meiner det er to hovudgrunnar til dette. Den eine er at apoteka var tilgjengelege. Mange stader var det slik at apoteka, ved sida av matbutikkane, var dei einaste butikkane som var opne. Dei nettbaserte apotektenestene som alt fanst, gjorde òg at det var råd å få medisinane sendt i posten, forteller Nordeng. 

Den andre hovudgrunnen er at det fanst digitale verktøy som var klare til å takast i bruk, slik at legane kunne ha e-konsultasjonar utan fysisk frammøte. Det var òg viktig at dei fekk same taksten for digitale som for fysiske konsultasjonar.

For mer informasjon om: HLR brett, hjertebrett


Nyttig for andre land

Nordeng understrekar at studien deira ikkje omfattar alle typar legemiddel.

I studien har vi berre undersøkt hjarte-/karmedisinar, men vi gjer eigne undersøkingar hjå barn og hjå pasientar med psykisk sjukdom, seier Nordeng.

Vi har lært mykje om e-helsetenester og kva apoteka betyr for tilgangen til medisinar under ein pandemi. Det er ikkje berre viktig for pandemiberedskapen i Noreg, men kan òg vera nyttig for andre land.


Referanse:

Universitetet i Oslo

Ugochinyere Vivian Ukah,  Hedvig Marie Egeland Nordeng mfl.: Impact of COVID-19 pandemic on dispensing of cardiovascular drugs in Norway: An interrupted time series studyAmerican Journal of Preventive Medicine, 2023. Doi.org/10.1016/j.amepre.2023.11.008

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

-annonse-spot_img